Sniktitt

The Last Guardian

Alle gode ting er Trico

Mystiske The Last Guardian har endeleg vakna til live, og vi har sett det.

Sony

LOS ANGELES (Gamer.no): Dei fleste av oss veit godt korleis det er å ha eit kjæledyr. Ein kompanjong som alltid er der, og som ulikt menneska, aldri seier nei, blir sint, eller sviktar deg. Det er ikkje utan grunn ein kallar hunden for mannens beste ven. Det er nettopp frå kjæledyra Fumito Ueda, mannen bak ICO og Shadow of the Colossus, har henta inspirasjon for sitt nyaste verk The Last Guardian.

– Som i dei fleste spela mine handlar det om venskap, men denne gongen ville eg ha venskapet med eit kjæledyr som fokuspunkt, forklarar Ueda medan han flyttar ein liten gut over skjermen.

– Guten blei kidnappa, men de får ikkje vite kvifor heilt enno, får vi vite medan Ueda styrer guten gjennom ein trong korridor, før lyset badar skjermen, sommarfuglar plaskar gjennom lufta, og lyden av noko stort trekk blikket mot ein kropp som ligg motlaus på det sandfarga steingolvet.

På eigne bein

Den vesle guten startar eventyret aleine.

Tankane glir umiddelbart mot ICO, eit spel som i mi verd er blant den høgste kunsten du kan ta til deg, men som òg gav Uedas tidlegare utviklarstudio Team ICO sitt namn. Ueda har slutta i Sony, og med seg tok han Team ICO. Saman har dei stifta Gen Design, studioet som saman med Sonys Japan Studio utviklar The Last Guardian for Sony.

Men tilbake til ICO. Dette spelet ser ut til å ha langt meir til felles med The Last Guardian enn Uedas andre storspel Shadow of the Colossus. Det er ein umiddelbar likskap mellom dei to spela. Begge set deg inn i rolla som ein liten gut. Begge sender deg til ei stor og nedtrykkjande borg full av farar. Og begge er bada i det same stemningsfulle lyset som på ei og same tid maktar å skape kulde og varme. Tryggleik og vond isolasjon.

Det er ikkje berre i åsynet dei to spela er like. Der vi i ICO måtte leie med oss den sårbare jenta Yorda, må vi i The Last Guardian halde tett saman med Trico, det store dyret skapt av like delar fugl, katt og hund. Der Yorda gav ei umiddelbar trong til å forsvare og ta vare på, skapar Trico partnerskap. Det er som ein hund som følgjer etter deg og vil forsvare deg, men samtidig ikkje heilt forstår deg, og såleis ikkje alltid veit kva du vil.

– Det vanskelegaste med utviklinga av The Last Guardian har vore å få Trico til å oppføre seg riktig. Han er ikkje ein vanleg spelpartner som gjer det du vil. Han er eit dyr. Dyr er uforutsigbare, dei gjer ikkje alltid det du vil.

På skjermen ser vi den vesle guten som hoppar og trampar på bakken medan han ropar på det store dyret. Trico ser rart på han, trampar litt fram og tilbake og snøftar før han sender ut nokre djupe ul. Guten held fram, byrjar å liksomspringe, og omsider tek Trico sats og hoppar over eit juv der ei bru skulle ha stått.

Tricos auge lyser raudt når han møter mystiske alter i borga.

Eit stykke frå målet

Les også
Anmeldelse: The Last Guardian

The Last Guardian er – trass ein lang utviklingsprosess – langt frå ferdig, og det er lett å sjå at noko arbeid gjenstår her. Å finne ein god balanse mellom å skape eit dyr som oppfører seg som eit dyr, men ikkje endar opp med frustrerte spelarar som ikkje forstår kvifor Trico ikkje gjer noko, er uhyre viktig.

I si noverande form luskar furstrasjon som ein mørk skugge over The Last Guardian. Gen Design har gjort ein formidabel jobb med å få Trico til å oppføre seg som eit dyr, både på gode og dårleg måtar. Det ser akkurat no hakket for utfordrande ut å få Trico til å gjere det du vil. Til og med Ueda sjølv såg no og då litt brydd ut medan han prøvde å få Trico til å gjere diverse oppgåver.

Om utviklarteamet når balansen dei strevar etter, kan dette likevel bli magi. Sjølv gjennom sin uferdige fasade skin bandet mellom Trico og guten tydeleg. Om det er gjennom å kaste tønner med mat som Trico snappar ut av lufta som hund, eller når Trico kjem springande etter å ha bli kalla på, er det noko uhyre verkeleg over dyret. Eg kjøpet ideen om at spelaren kan bry seg om dette dyret som noko langt meir enn dansande polygonar.

Et langt hopp.
Sony
Trico er som ein massiv, men hengjeven hund.

Det store fokuset under Uedas The Last Guardian-presentasjon låg utvilsamt på dyret Trico, men vi fekk òg fleire glimt av kva du til slutt vil ende opp med å gjere i dette spelet. Hovudsakleg ser det ut til å handle om å kome seg frå ein stad til ein annan. Guten kan klatre og krype gjennom smale passasjar, opne dører, og vise vegen for Trico. Trico på si side kan lage nye vegar med sin store kropp, og guten kan klatre på dyret medan dyret på si side klatrar opp veggar og eller strekke seg for å la guten nå nye område.

Samspelet mellom dei to svært ulike figurane blir essensielt, og ein må finne ut korleis ein best skal kunne kome seg vidare ved å ha dei to skapninganes ulike eigenskapar i tankane.

Konklusjon

The Last Guardian blei først vist fram for heile seks år sidan. Då skulle det bli eit PlayStation 3-spel, men har no skifta plattform til PlayStation 4. I løpet av dei lange åra som har gått sidan den tid har vi knapt sett noko nytt frå spelet, Sony har sagt lite, og utsetjing på utsetjing har fått håpet til å svinne for mang ein Team ICO-fan.

At Sony no har vist fram spelet igjen demonstrerer forhåpentlegvis at utviklinga er på rett kjøl, sjølv om det heilt tydeleg gjenstår ein del arbeid. Det vi har sett lovar likevel veldig godt. Spelet ser ut til å ivareta den unike stemninga både ICO og Shadow of the Colossus bydde på, og det massive beistet Trico har meir personlegdom enn dei fleste heltane spelverda har å by på.

Vi må vente til neste år før vi sjølv får prøve oss på å Fumito Uedas nye eventyr, men alt tyder på vi har ei ny og magisk oppleving i vente.

Gameplay-demonstrasjon fra E3 2015.

Siste fra forsiden