Sniktitt

Tony Hawk: – Dette spelet er ein reaksjon frå fansen

Vi møtte legenda som er aktuell med HD-versjon av originalspela.

SAN FRANCISCO (Gamer.no): For mange herrens år sidan, då eg var ung, då var det eit slag som utkjempa seg. I det eine hjørnet stod Tony Hawk og i det andre stod SSX, og du måtte heie på den eine eller den andre, men aldri begge. Vel, dette er kanskje ikkje heilt reelt, i og med at Tony Hawk sine første spel dukka opp nokre år før SSX, men eg kan likevel hugse harde debattar om kva som var best.

No har riktig nok SSX nett hatt ei fenomenal relansering, men det er Tony Hawk som er først ute med ei restaurering av gamle titlar. Vi har møtt sjefen sjølv og utviklarteamet hans for å få høyre kvifor serien framleis er relevant.

Filtrert nostalgi

– Minner er ikkje nøyaktige. Folk har sterke overbevisningar om kva dei gjorde for tolv-tretten år sidan, men dei er ikkje alltid riktige. Alle dei sprø tinga du trudde du gjorde i Tony Hawk, har vi dytta inn, opnar sjefen for utviklarstudiet bak Tony Hawk Pro Skater HD, Josh Tsui.

Josh Tsui fra Robomodo (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)
Josh Tsui fra Robomodo (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Han kan ha rett i det. Det er lett å bli blasert når grafikk, fysikk og teknisk fiksfakseri stadig utviklar seg, og når ein omsider ser tilbake er det ofte som å slå ein hammar over illusjonar som viser seg å vere ganske skrale.

Difor har utviklerstudioet Robomodo lagt stor vekt på det visuelle. Det er ikkje nok med å berre oppgradere modellane litt, slenge inn nokre nye teksturar og så setje på nokre filter og lyskjelder for å skape stemning. I Tony Hawk HD har utviklarane gått hardt til verks for å gjere skateopplevinga så autentisk som mogleg. Nye og realistiske animasjonar erstattar dei statiske pappfigurane frå før, og når ein no rullar over eitt av sju nivå frå Tony Hawk's Pro Skater 1 eller 2, vil skateren din reagere realistisk.

– Når du snurrar vil overkroppen rotere først, kroppen bøyer seg når du landar, og generelt er spelet fullt av små detaljar du ikkje nødvendigvis merkar før du samanliknar med originalen, fortel Tsui entusiastisk medan han demonstrerer den eine rørsla etter den andre.

Det er noko heilt anna å sjå HD-versjonen av desse Tony Hawk-spela, enn dei gamle spetakkela. Spesielt tydeleg blir dette når dei faktisk slår på den gamle versjonen. Naturlege rørsler, og fysikk på klede gjer mykje for å plassere deg inne i spelet på ein heilt ny måte.

Det er derimot ikkje berre det visuelle som er viktig. Musikk har alltid vore viktig for serien, men her blir det ikkje berre gammalt materiale.

– Musikken er halvparten originale låter, og den andre halvparten er nytt. Serien er kjend for å vere ei startgrop for nye band, så det var viktig for oss å halde fram med det, fortel Tsui.

Kvifor no?

Ein kan lett stille seg spørsmålet om kvifor Tony Hawk no vender tilbake i nedlastbart format. Er det ein test for å sjå om serien framleis er relevant etter at dei siste spela meir eller mindre floppa? Tony Hawk er ganske raskt ute med å avkrefte dette:

– Dette er ein fanreaksjon. Dei har ropt og bedt om ein oppgradert versjon av desse spela i fleire år no. Tida var riktig. Desse nivåa du spelar akkurat no har hoppa over ein generasjon for å kome hit. Å sjå dei oppussa er ein så enorm forskjell at eg synest det er verdt det, fortel Hawk med auga klistra til skjermen medan han viser oss korleis spelet skal spelast.

Tsui legg til:

– Mange av nivåa er ekstremt populære. Varehuset og hangaren til dømes, så for dette spelet ville vi fokusere på det, og om det blir godt motteke kan vi heller fokusere på å lage noko unikt og nytt seinare.

Det blir altså ikkje så veldig mykje nytt å spore, men i staden eit solid fokus på å gjere desse kjende nivå riktig. Spelet byr på sju nivå henta frå både Pro Skater ein og to, medan i tillegg til vanleg karrieremodus og fleirspelar over nett får spelet nokre nye modusar der ein av dei skal by på solide utfordringar, sjølv om Tsui ikkje vil gå nærare i detalj.

Tony Hawk sjølv held eit vakent auge over utviklinga:

– Eg jobbar tett med Josh og Robomodo. Dei sender meg ein ny versjon kvar eller annankvar veke, og så spelar eg den og kjem med forslag. Rolla mi er ganske lita no i forhold til før, og det handlar meir om egoistiske detaljar enn noko anna, ler han før han gestikulerer og held fram:

– Min 900 burde sjå slik ut, ikkje sånn ut. Det er ikkje nødvendigvis egosentrisk, men likevel flisespikkeri. Eg finn kanskje eit ørlite punkt på ei bane som ikkje kan grindast, så eg seier frå. Men dei veit alt dette allereie, så det handlar eigentleg meir om å vere trufast mot serien og sørgje for at skaterane vi har med er nøgde. Dei fleste skaterane er gamle, men vi har nokre nye i tillegg, og vi må sørgje for at dei likar det dei ser.

Ein sport i endring

Ein litt trist trend dei siste åra har vore at færre og færre spel tillet sofaspeling for to spelarar om gongen, og Pro Skater HD er ikkje noko unntak. I følgje Tsui er det derimot gode grunnar til dette:

– Vi har ei lang liste med kult innhald og sidan dette er eit nedlastbart spel, valde vi å fokusere på onlinebiten. Dei fleste spelar tross alt på nett. Vi må verkeleg sjå på kvalitet kontra kvantitet, og vi må kutte tilbake på visse ting. Dette er derimot det kule med nedlastbare spel, sidan vi kan tilføre nye ting seinare.

Tony forklarar korleis ting fungerer. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)
Tony forklarar korleis ting fungerer. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Tsui vil ikkje seie noko meir om kor vidt delt skjerm kan dukke opp ein gong i framtida, men Tony Hawk har sine tankar om situasjonen:

– Eg trur delt skjerm forsvann på grunn av onlinespeling, sidan du no har heile skjermen å spele på. Det har mykje å seie når ein skal trikse i eit spel som dette, og Tsui føyer til:

– Det vi oppdaga under brukarundersøkingar var at det er mange som ber om delt skjerm, men det er nesten ingen som faktisk brukar det. Dilemmaet for oss blei då om vi skulle bruke ressursar på noko alle seier dei vil ha, men ikkje brukar. Dette er ei av dei store utfordringane med eit spel som dette. Folk har mange minner, men dei er ikkje alltid realistiske, og vår jobb blir å filtrere desse for å finne det som er viktig for opplevinga.

Utviklarane er spente på kva mottaking spelet får, spesielt sidan det har skjedd eit markant generasjonsskifte sidan Tony Hawk første gong triksa på skjermen.

– Dette kan bli eitt av dei få spela der foreldra faktisk kan slå ungane sine i noko, ler Josh Tsui.

– Ja, det er moro å sjå korleis tidlegare skaterar no blir med ungane sine på skaterampa, og ungane er i sjokk over at fedrane kan skate, sidan dei ikkje visste noko om det frå før, held Tony Hawk fram.

Når det kjem til Tony Hawk sine eigne ferdigheiter med spelet er han ikkje blyg:

– Eg er god. God. Eg brukte å skru saman mine eigne knappekomboar før i tida, så når det er implementert i spelet skal eg øydeleggje alle.

Han trur derimot ikkje at å vere god å skate vil gjere deg god til å spele spelet.

– Om noko, vil spelet forhåpentlegvis få deg til å plukke opp eit rullebrett, berre så du kan finne ut kor vanskeleg det eigentleg er.

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen