Sniktitt

Vi har kasta bilar med rå tankekraft

Med magiske Mindwave kan du bli ein ekte Jedi.

SAN FRANCISCO (Gamer.no): Kven har ikkje tenkt tanken på å kunne vere ein skikkeleg Jedi? Tenk deg å kunne løfte ting berre med rå tankekraft. Sende massive objekt mot patetiske fiendar og sveve i lufta som ein gud? Mykje av dette kan vi allereie gjere i spel, men då er det som regel knappar med i biletet. Ganske mange knappar. Ein for å løfte, ein for å dytte, og du får aldri kjensla av at du gjer noko magisk, heller at du regisserer kva ein person på ein skjerm skal gjere.

Møt Mindwave frå NeuroSky. Denne magiske dingsebomsen ser ut som eit litt framtidsretta headset. Via ein sensor trykt mot panna di les apparatet dei elektriske bølgjene hjernen din produserer. Hovudsakleg les den kor fokusert og avslappa du er, og med desse to tilstandane kan du gjere ting du aldri har gjort før.

Dette er det næraste vi kjem eit skjermbilete enn så lenge. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Car Wars

Eit døme på kva Mindwave kan gjere kjem via spelet Throw Trucks with your Mind. Dette spelet gjekk nyleg gjennom ein vellukka Kickstarter-kampanje, og vil la deg gjere akkurat det namnet tilseier; kaste bilar med tankekraft.

Det heile ser veldig ordinært ut ved første augekast. Eit grått rom, ei kjærre som minnar om ein Warthog frå Halo-serien, nokre kassar, og det er det. Den visuelle presentasjonen eg var vitne på skil seg sterkt frå den fargerike stilen Kickstarter-sida fortel om, men dette er ein svært tidleg versjon av spelet, og alt kan endre seg. Uansett kva stil spelet endar opp med blir dette langt frå eit ordinært spel. Ved å fokusere hardt vil du kunne interaktere med det objektet skjermens midtpunkt peikar på.

Å skulle fokusere høyrest kanskje ikkje så vanskeleg ut, men i mitt tilfelle viste det seg å vere noko av det mest utfordrande eg har gjort i eit spel. Å fokusere er ikkje så lett som det høyrest ut, langt der ifrå. Eg konsentrerte meg i fleire minutt på den hersens kjerra på skjermen, og alt som skjedde var at det rista litt i den. Det heile minnar uhyggeleg mykje om Star Wars. «Use the Force, Luke» seier Yoda, utan at Luke heilt skjønar kva han skal gjere. Du trur du fokuserer, men tenkjer meir på at dette får du jaggu ikkje til, og med det får du det ikkje til.

Det var ikkje før eg omsider greidde å slappe litt av at ting byrja å skje. Brått rulla bilen bortover, som av seg sjølv. Etter dette essensielle punktet endra alt seg. Det var som å lære å bevege ein kroppsdel. Har du først forstått det, er det som ein naturleg del av kroppen din, og det er ei ekstremt surrealistisk oppleving å sjå ting flyge på skjermen berre fordi du vil det. Kor hardt du fokuserer avgjer kor mykje kraft du kan dytte ting meg, og eg vil tru folk som driv med meditasjon på jamnleg basis vil bli livsfarlege i dette spelet.

Lat Ware, mannen bak det snodige tankespelet. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Hjernemos i førsteperson

Som sagt innleiingsvis er Throw Trucks With Your Mind bygd opp som eit skytespel. Lik andre skytespel kan du velje ulike våpen med nummertastane, men i dette spelet fungerer «våpna» på ein hakket annan måte enn vi er vande med. Du kan velje mellom å dytte, dra og løfte ting du finn, eller du kan bruke tankane dine for å hoppe høgre eller dale sakte ned gjennom lufta.

Nøkkelen til å få til noko som helst er å kombinere bruken av desse ulike teknikkane. Løft opp ei kasse, flytt den rundt til du finn eit mål å hive den på, og fyr laus. Om ein fiende skjuler seg bak ei kasse kan du dra kassane mot deg, men det gjeld å vere litt forsiktig sidan du lett kan drepe deg sjølv på denne måten. Ironisk nok utvikla eg ein lei tendens til å ha mykje lettare for å dra kassar mot meg, enn å dytte dei frå meg.

Når du har lært deg å bruke desse eigenskapane på meir eller mindre fonuftig vis, er du klar for å ta del i spelets eigentlege poeng; tankekraft i fleirspelar. Med to eller fleire spelarar kan det raskt bli kaos, og ein av dei mest interessante detaljane ved denne modusen er kva som skjer når to personar prøvar å dytte same objekt. Då endar ein opp med å låse objektet fast i lufta inntil den med best fokus klarar å vinne kampen. Med ein solid fysikkmotor opnar dette for mange absurde situasjonar. Noko eg sjølv blei vitne til. Lat Ware, mannen bak spelet, vurderer å leggje inn visuelle effekter som illustrerer kva som skjer, noko som opnar potensialet for Throw Trucks With Your Mind til å endeleg kunne la oss prøve ut ting vi har sett på film mange gongar allereie.

Du vil ikkje kunne løfte andre spelarar med tankane dine, berre objekt du i tur brukar som våpen. Grunnane til dette er at målet med spelet er å kaste ting, men eg må innrømme at tanken på å løfte folk slik Starkiller gjer i The Force Unleashed høyrest svært tiltalande ut.

Les også
– Visjonen er å få alle FIFA-spillere innom Ultimate Team
Denne mannen døde, hardt og brutalt. (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no)

Konklusjon

Det er veldig lett å blir skeptisk til eit konsept som Mindwave-apparatet. Når ein skal spele eit spel som Throw Trucks With Your Mind blir du putta i ein situasjon du aldri før ha vore i. Alt må lærast på nytt, det er både frustrerande og inspirerande, men samtidig er det lett å undre seg over om det heile berre er tull og tøys.

Slike tankar forsvant derimot gradvis for meg etter kvart som eg fann ulike tankemønster som hjalp meg med å gjere ting betre. Ingen rundt meg visste korleis eg brukte tankane mine. Ved åfinne ulike måtar å låse tankane fast på ein ting, blei eg merkbart flinkare til å løfte, dytte og dra ting mot meg. Dette gjorde den korte læringsprosessen motiverande sidan eg merka at eg kom meg ein veg. Har du trua på deg sjølv går det bra, er du i tvil skjer ingenting.

Det heile toppa seg då eg blei satt opp mot ein annan spelar der vi begge skulle fokusere på den same bilen. Etter kanskje eit minutt med stadig meir valdeleg risting, løfta køyretyet seg, byrja å rulle, før det smalt mot motstandaren min med massiv kraft.

Å få uttrykt gjennom ord den kjensla ein får av å ha fått til noko slikt er nesten umogleg. Det er som å prestere noko heilt nytt for aller første gong i livet, og gledesrusen eg fekk over det var massiv. Om Mindwave kan utvikle seg til å bli noko meir enn ein artig dingseboms gjenstår å sjå, men at det er eit forførande stykke teknologi er heilt sikker.

Throw Trucks with your Mind kjem i sal for Mac og Windows mars 2014.

Les også: Vår test av VR-brillene Oculus Rift
Les også: Battlefield-studioet leker seg med Oculus Rift

Siste fra forsiden