Sniper Elite 3 til neste generasjon

Sandkassefokus i det neste spelet i den populære snikskyttarserien.

Sniper Elite V2 blei ein solid suksess for 505 Games og Rebellion. Snikskyttarspelet som let deg plukke ned fiendar med høg presisjon under andre verdskrig selde over ein million kopiar. Dette held i bøtter og spann for å halde fram serien, og no har 505 Games i ei pressemelding kunngjort at Rebellion jobbar med Sniper Elite 3.

Det neste spelet i Sniper Elite-serien møter vi igjen snikskyttaren Karl Fairburne under andre verdskrig. Så mange detaljar er ikkje på plass enno, men i pressemeldinga kan vi lese at spelet får eit større sandkassepreg enn før. Samtidig vil utviklarane byggje vidare på det populære X-Ray Kill Cam, eit viktig element som i inngåande detalj let deg sjå korleis kulene flerrar opp skallane til offera dine.

Som namnet tilseier handlar ikkje Sniper Elite-serien om frenetisk action. I staden må du halde deg i skuggane, og plukke ned fiendar med våpen som snikskyttarrifle og lyddempa pistol. Fokuset på realisme er stort, og når du skal fyre av skota dine må du ha ting som puls og vindstyrke for å plassere skota dine skikkeleg.

Sniper Elite 3 blir utvikla for PlayStation 3, Xbox 360, PC og neste generasjons konsollar, og vil dukke opp ein gong i løpet av neste år.

Les også: Nazi-zombiene angriper Les også: Rebellion saksøker Stardock og Ironclad

Siste fra forsiden