Anmeldelse

Soldier of Fortune: Payback

Kjedeleg valdssimulator

Livet som leigesoldat dreier seg om lite anna enn macho kommentarar og frustrerande skotvekslingar.

Då Soldiers of Fortune kom ut i 2000 vart det fort erklært som det valdeligaste spelet som nokon gong var laga. Etter kvart har dette vorte eit varemerke for serien. Spela var imidlertid meir enn berre vald. Dei klarte å byggje forbi alt blodet og levere solide opplevingar, som seinare har blitt respekterte som flotte actionfestar i spelkrinsar. Payback har bestemt seg for å øydelegge dette og legg ein saftig kabel utover alt serien ein gong var.

Trailer fra Soldier of Fortune: Payback

Vis større

Trailer: Soldier of Fortune: Payback

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • Payback
  • soldier of fortune


Ubrukeleg historie

Frå starten av verkar ikkje Soldiers of Fortune: Payback så ille. Klart, det har ingen spor av innovasjon eller nye idear, men spelet blir ikke dårlig av den grunn. Kontrollane er gode og skytinga er lett og nøyaktig med mange våpen du kan leike deg med. Den første bekymra rynka på panna mi danna seg først når spelet fleska til med ein filmsekvens, der det prøver så godt det kan å gi oss ei god og spanande historie. Det vi får er imidlertid ei knippe med flaue augeblikk der alle dei verste klisjéane frå dei siste femti åra er satt saman i ei slags kavalkade. Stemmeskodespelarane gjer sitt beste for å gjere historia til ein meir appellerande sak, men klarar på ingen måte å engasjere spelaren til å fortsette. Resultatet er ei smørje av ei historie som ikkje har ein einaste frisk idé å slenge på bordet.

Mangel på variasjon finn vi òg i bretta og oppdraga til spelet. Det er berre ein veg å gå så snart du har starta eit oppdrag. Usynlege veggar og høge fjellsider hindrar deg å gå utanfor spelet sin regi. Pakka inn i denne vesle boksen dei kallar eit spelunivers, finn du kun éin ting, skyting. Saken er enkel: gjentakande skytespel kjem sjeldan høgt på ønskelistene til spelentusiastar. Dette hindrar ikkje Cauldron, utviklaren av spelet, å servere oss ei rekkje monotone og kjedelege brett der det einaste lyspunktet er den avsluttande kampen mot ein av bossane.

Når òg dette svake lyset brått vert slukka og heller ikkje bosskampane maktar å engasjere meir enn å vaske opp etter julemiddagen, vert det klart kor lite dette spelet har å komme med. Berre éin av spelets fem-seks konfrontasjonar med kraftigare fiendar har det vesle ekstra som ein bosskamp skal ha. I dette tilfellet sit fienden i eit helikopter, i motsetning til dei andre bossane som held seg på bakken. Med begrensa tid må du leite febrilsk etter ein granatkastar slik at du kan stoppe forureininga helikopteret er ansvarleg for. Dette er den einaste gongen spelet klarar å heve hjerterytmen min over det kjedelige dovendyrnivået som resten av spelet ligg på.

Blodige konfrontasjonar

Som nemnt er Soldiers of Fortune-serien mest kjend for si detaljerte skildring av vald. Tradisjonen lev vidare i Payback, men ser eigentleg litt overdriven ut. I mitt første møte med mine offer legg eg merke til at dei fleste motstandarar fell frå kvarandre ved den minste kontakt med bly. Armar og bein flyr som sprettballar rundt i gata og eg byrjar å lure på korleis pistolen min kan føre til så mykje skade. Eg har i ettertid sett at spelet fjongar seg med å ha «den mest opprørande skademodelleringa nokon gong», men midt i dette blodbadet opptrer det meir som ein komisk splatterfilm og eg tvilar på at det var den ønska effekten.

Når ein utviklar legg så mykje arbeid i å lage ein sjokkerande simulasjon av krig og forderving er det tydelig at spelet har gått tom for vidare inspirasjon. Tru meg, vald i spel er ein ting eg kan ønske velkommen, om den er brukt riktig. Når den einaste grunnen til at spelet har eit komplekst skadesystem er å kunne bruke det som marknadsføringspoeng, slår det meg at dette er den einaste grunnen til å kjøpe dette spelet. Eit særs tynt grunnlag.

Urettferdig!

Når eg set meg ned for å spele eit spel har eg enkelte krav. Eit av desse er at spelet skal vere rettferdig. Om eg døyr bør det vere ein svikt hos meg, ikkje i spelet. Soldier of Fortune: Payback klarar på ingen måte å leve opp til desse krava. Nokre gonger, som for eksempel når eg set meg fast i ein husvegg og snoken ved sida av meg fyller meg med bly, er spelet så urettferdig at eg får lyst til å hyle og rive meg i håret.

Granater, om dei vert kasta riktig, kan knerte deg utan at du ein gong er skada frå før. Dette er ikkje så rart i seg sjølv, men når spelet manglar ein skikkelig måte å vise deg om det er ei granat i støvelen din, fører dette altfor ofte til endå fleire frustrerande situasjonar. Eg kunne tilgjeve spelet om det hadde hatt ein indikator eller ein anna smart måte å vite kvar granata låg, men når du døyr, igjen og igjen, utan av du har gjort noko for å fortene det, fører dette til ei svært slitsam oppleving.

Kvar gong du døyr, må du sjå på ein altfor lang lasteskjerm før du kan spele igjen, og med tanke på at du døyr nesten oftare enn du byter magasin, vert spelet hakkete og lite tilfredsstillande. Skytespel av denne typen er meint å vere raske og intense, men når du kan ta ein tur for å mate fuglane kvar gong du døyr er det tydelig at dette spelet ikkje er optimalisert for systemet det køyrer på. PC-versjonen har litt raskare lastetider, men det er ikkje stor forskjell frå Xbox 360-versjonen.

Det er ingen naturleg grunn til at det skal ta så lang tid å laste spelet fram, det ser eigentlig ikkje ut som om spelet brukar ein brøkdel av krafta som ligg i systemet du spelar på. For det meste ser det heilt greitt ut, men på nokre områder liknar grafikken ein vissen blomsterkvast, omgivnadane er kantete og teksturane er uklåre.

Var det alt?

Den einaste overraskinga du kan vente deg i Payback er at spelet sluttar etter kun fem-seks timar. Ein kan sjølvsagt debattere om dette var så ille, men sanninga er at ingen spel til over 300 kroner skal kunne byrjast og fullførast medan brøddeiga hevar. Når kvaliteten som er innlagt i desse timane er svært låg, seier det seg sjølv at dette spelet har fått altfor lita tid på arbeidsbenken.

Heller ikkje spelet sine fleirspelarmogligheiter klarar å forlenge speletida meir enn nokre få timar. Bretta er små delar av dei ein kan finne i einspelarkampanjen og våpna er dei same. Sjølv om det er denne delen du får mest moro med, klarar den ikkje å redde resten av spelet si tunge vekt. Dessutan, om du leitar etter eit langvarig og godt fleirspelarspel kan du finne mykje betre alternativ der ute.

Av og til klarar Payback likevel å skape den rette følelsen. Som for eksempel i byrjinga av éit oppdrag før nokon av fiendane veit at du har gått inn i byen deira, væpna til tenna. Musikken er riktig stemningsfull, grafikken er på det tidspunktet flott å sjå på og ein går inn i byen med kanskje altfor stor sjølvtillit. Men så ser terroristane deg. Musikken og den gode følelsen druknar i lydane av skyting og hylande arabarar. Det er synd, for ein kunne så vidt sjå kva Payback kunne blitt om ein hadde jobba meir på det.

Konklusjon

Folk som spelar skytespel har sett nok svake titlar og dårlege utføringar til å vite kva som fortener å hamne på nedste halvdel av karakterstigen. Soldiers of Fortune: Payback kan samanliknast med mitt første byggverk av LEGO-klossar. Det er kanskje litt skrøpelig oppbygd og er heller ikkje lagt altfor mykje arbeid i, men det heng saman – så vidt.

Payback har gode delar, men det tek altfor lang tid å komme fram til desse, og mellomromma er fulle av dødtid der du gjentek dei same handlingane igjen og igjen. Om vi legg til ei øydelagd historie, treg spelbarheit og andre vesentlege manglar, endar vi opp med eit begrensa og frustrerande produkt.

Siste fra forsiden