Solid suksess for japansk rollespel på Kickstarter

Project Phoenix-kampanjen er i boks, og får solide tillegg.

Project Phoenix er ein av dei første storstilte Kickstarter-kampanjane frå Japan. Teamet bak det japanske rollespelet er skrudd saman av mange bransjevetaraner, deriblant Final Fantasy-designer Kiyoshi Arai og Final Fantasy-komponist Nobuo Uematsu. Historia blir skriven av den prisvinnande japanske forfattaren Yoko Enoki.

I spelet møter vi Marcus Stern som kjem i kontakt med ein engel med noko så originalt som hukommelsestap. Saman legg dei ut på det vi blir lova skal bli eit storslage eventyr som vil ta oss tilbake til røtene for kva som gjorde JRPG-sjangeren populær. Heilt tradisjonelt vil det derimot ikkje bli, sidan spelet tek i bruk strategiske sanntidselement i kampsystemet.

Marcus Stern og engelen Ruffles.
Marcus Stern og engelen Ruffles.

Får spenstig verdskart

I utgangspunktet ville Creative Intelligence Arts berre ha omlag 600 000 kr for å lage spelet. Dette fordi alle som jobbar med spelet brukar fritida si på det, og trengde pengane utelukkande for å byggje 3D-modellane i spelet. Etter kvart som Kickstarter-kampanjen tura av garde klarte dei derimot å samle inn ti gongar så mykje, og kampanjen stogga i morgontimane i dag på seks millionar kroner.

Den siste kronerullinga har sørgja for at spelet vil få eit svært så solid tillegg til det vi originalt blei lova. I likskap med gamle JRPG-spel vil vi få eit verdskart vi fritt kan utforske, mykje i same gate som gamle Final Fantasy-spel.

Det har vore nokre ganske så spesielle spørsmål rundt Project Phoenix-kampanjen. Først og fremst gjeld dette teamet som lagar spelet. Tre av utviklarane kan til dømes ikkje så fram med fullt namn sidan dei er under kontrakt på andre frontar. Om vi nokon gong får vite kven desse personane (som blir påstått å vere ganske respekterte i bransjen) er, vil berre tida vise.

Project Phoenix skal etter planen vere ferdig i løpet av våren 2015. Spelet vil bli tilgjengeleg på PC, PlayStation 4, PS Vita og mobil.

Les også: Mighty No. 9 er Mega Man opp av dage
Les også: Anmeldelse: Tales of Xillia

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen