(Bilde: Microsoft Studios)

– Som Indiana Jones med zombier

Innspelinga av Dead Rising-filmen startar denne veka.

Dette har kanskje gått deg hus forbi, men zombieslaktserien Dead Rising er i ferd med å bli film. Innspelinga startar denne veka, og blir produsert av Legendary Pictures. Ironisk nok vil filmen i starten vere ekslusivt tilgjengeleg via Sonys Crackle-teneste, sjølv om to av spela har vore eksklusive til Xbox. Filmen blir seinare tilgjengeleg via andre kanalar som til dømes DVD.

I samband med at innspelinga startar har filmsida Slashfilm prata med regissør Zach Lipovsky om kva vi kan vente frå fimen som blant anna har 24-veteran Dennis Haysbert på rollelista. Frå kommentarane hans ser det ut til at vi kan vente oss ein film som tviheld på Dead Rising-spelas noko spesielle humor:

Kan Dead Rising skilje seg frå andre zombiefilmar?
Kan Dead Rising skilje seg frå andre zombiefilmar?Bilde: Microsoft Studios

«Filmen blir som Indiana Jones med zombier. Moro, skummelt og dramatisk action. Eg likar stemninga i spela. Dei har definitivt mørke og skumle element, men dette blir ein eventyrfilm. Eg noterer gong eg blir skremt eller ler når eg spelar, slik at eg kan inkludere det i manuskriptet.»

Ny historie

I staden for å prøve å halde seg til historiene i spela, vil filmen gjere slik alle spela har gjort før den: By på eit nytt zombieutbrot på ein ny stad, der eit nytt knippe overlevande må prøve å berge livet.

Lipovsky forklarar at noko av det han likar best er korleis zombieutbrota skjer på innesperra område, medan verda sit utanfor og ser på:

«Familiar ser zombieapokalypsen på TV medan dei et middag, som om det skulle vere Super Bowl. Vi hentar mykje inspirasjon frå verkelege hendingar som orkanen Katrina, Ebola-utbrotet, og til og med opptøyane i Ferguson,» forklarar Lipovsky.

Handlinga i Dead Rising vil utspele seg mellom Dead Rising 2 og Dead Rising 3, og sjølv om hovudpersonane er nye, blir vi lova at eitt og anna velkjent ansikt vil dukke opp.

Det ferkaste spelet i Dead Rising-serien er Xbox One-spelet Dead Rising 3. Det fekk god mottaking hos oss, og blei nyleg lansert på PC.

 

 

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen