Sony stenger SOCOM- og MAG-serverar

Du har eit halvt år igjen før moroa er over.

SOCOM er ein mangeårig serie med skytespel som opp gjennom åra har gått eksklusivt for Sony sine plattformer. Det er ein serie med taktiske skytespel der ein spelar på lag for å ta opp kampen mot andre lag. I spela tek du på deg rolla som ein Navy Seal.

Opp gjennom åra har det kome ei rekke spel i serien for både PlaySation 2, PlayStation 3 og PSP. Spela har blitt utvikla av dei to studioa Zipper Interactive og Slant Six Games. I fjor kom det derimot dårlege nyhende for SOCOM-fansen sidan Zipper Interactive blei lagt ned av Sony. Zipper Interactive stod og bak det massive skytespelet MAG der så mange som 256 spelarar kan spele samtidig.

No er det på tide med enda fleire dårlege nyhende for fans av SOCOM og MAG. I ei Twitter-melding i dag har Sony informert om at serverane til MAG, SOCOM Confrontation og SOCOM 4 blir stengde 28. januar neste år.

Det betyr i praksis at det er slutt på moroa om du er blant dei som framleis spelar desse spela. Du har omlag eit halvt år igjen å spele på, så det gjeld å nytte tida godt.

Stengde serverar er på ingen måte noko nytt. I tidlegare i år stengde Sony gratisspelet Bullet Run etter berre eit halvt år. EA har på si side ei lang historie med å stenge ned serverar etter kvart som spel ikkje er populære nok til å ha livets rett.

Les også: Killzone Shadow Fall kan spilles mens det lastest ned Les også: Sony: – Xbox One-responsen var en nyttig ressurs

Siste fra forsiden