Sony vurderer Early Access-program

Det er ikkje utenkjeleg at du får spele uferdige spel på Playstation i framtida.

Dei siste åra har spelindustrien endra seg dramatisk. For ei rekke år tilbake måtte du praktisk talt ha ein utgjevar om du ville lage spel, men dette har endra seg etter kvart som indieutviklarane har etablert seg på scena. For få år sidan tok folkefinansieringstenester som Kickstarter fullstendig av. Valve introduserte i tillegg Steam Early Access, slik at utviklarar kan lansere tidlege versjonar av spel for at spelarane kan vere med på å teste dei.

Dette har ikkje gått Sony hus forbi, og i eit intervju med Gamasutra fortel Adam Boyes frå Sony at eit tilbod liknande Early Access er noko dei snakkar om heile tida. Korleis dette skal kunne fungere på PlayStation-konsollar har dei derimot ikkje klarlagt enno:

Vil du sjå slikt på PlayStation-konsollar?
Skjermbilde av Steam

«Dette er ei av dei massive samtalene vi har internt. Når er eit spel klart for lansering? Vi må ha forbrukaren i tankane, og vil vil ikkje at nokon skal kome over eit spel, forvente eit ferdig produkt, og få ei negativ opplevinga,» fortel han og held fram:

«Vi lev i ei anna verd med mange ulike folk. Vi har folk som likar Kickstarter og støttar spel heile tida. Dei prøvar ting dei veit er uferdige, men dei er likevel villige til å hjelpe til med å gjere dei betre. Vi jobbar med det akkurat no, og prøvar å finne ut kva som er ok. Vi har naturlegvis ei liste med tekniske krav som folk på følgje, og den lista blir diskutert internt. Vi har ingen detaljar enno, men det er noko eg tenkjer på kvar dag.»

Sony har satsa stort på indieutviklarar den siste tida. Då PlayStation 4 blei kunngjort viste dei samtidig fram ei rekke indiespel. Nyleg fortalde i tillegg Playstation-sjef Shuhei Yoshida at PlayStation Vita framover vil få eit stort fokus på indiespel.

Det er mange delte meiningar om folkefinansiering og Early Access. I redkaksjonen meiner Jens Erik at Early Access har fleire ulemper enn fordelar, medan Kristian Early Access og Kickstarter er det beste som har skjedd spelbransjen.

Siste fra forsiden