SoulCalibur II får HD-versjon

Namco pussar opp enda eit slåssespel.

Å gi nytt liv til gamle klassikarar er ikkje noko nytt i spelbransjen. Gamle spel får på finstasen heile tida, om det så er gamle rollespel eller strategiperler. For godt og vel fem år sidan fekk slåssespelet SoulCalibur seg ein finpuss frå Namco, og landa på Xbox Live Arcade.

I helga har Namco kunngjort enda ei ny HD-utgåve, fortel Polygon. Til hausten dukkar SoulCalibur II HD Online opp på Xbox Live Arcade og PlayStation Network. Spelet vil kome med alle modusar frå originalen, samt nye moglegheiter for å spele over nettet.

Originalversjonen av SoulCalibur II kom med tre konsolleksklusive karakterar. På PlayStation 2 fekk vi spele som Heihachi Mishima frå Tekken-serien, på Xbox kunne vi spele som Spawn, medan vi på GameCube kunne banke opp motstandarane i rolla som link. Så langt ser det berre ut til at Heihachi har teke steget over til denne versjonen. Sidan det ikkje er kunngjort ein Wii U-versjon av spelet kan vi nok sjå langt etter Link.

Nytt spel på veg?

Ved sidan av å kunngjere HD-versjonen av SoulCalibur II er det mykje som tyder på at vi har eit heilt nytt SoulCalibur-spel i vente. I førre veke registrerte Namco varemerket SoulCalibur: Lost Swords i statane.

Sidan SoulCalibur: Lost Swords ikkje ser ut til å vere eit nummerert spel i SoulCalibur-serien er det ikkje godt å seie kva Namco har for planar. Har vi eit nytt actioneventyr i vente?

SoulCalibur II HD Online kjem i sal for Xbox 360 og PlayStation 3 til hausten.

Les også: Anmeldelse: SoulCalibur IV
Les også: Ultra Street Figter IV

SoulCalibur II HD-trailer.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen