South Park-rollespelet er ferdig

Dagen ingen hadde trudd skulle kome er her.

Historia om Obsidians South Park-rollespel The Stick of Truth er lang og vrien. Det heile starta som eit samarbeid mellom rollespelekspertane hos Obsidian og South Park-duoen Trey Parker og Matt Stone, under vengene til utgjevaren THQ. Spelet var sagt å vere ferdig for over eit år sidan, men etter at THQ gjekk konkurs spaserte South Park ein tur i limbo.

Ubisoft tok etter kvart over rettane til spelet, og dei fleste rekna med at spelet ville dukke opp snarleg. I staden fekk vi beskjed om å vente til jul, før det igjen blei utsett til vårparten i år.

I dag har gladmeldinga kome. Via VG247 får vi vite at South Park har gått gull, og med det skal det mest sannsynleg ei naturkatastrofe til for at spelet ikkje held lanseringsdatoen som er sett til 7. mars.

Turbasert tullball

South Park er og blir noko for seg sjølv.

South Park: The Stick of Truth vil skilje seg dramatisk frå tidlegare South Park-spel. Dette blir eit vaskekte turbasert rollespel inspirert av dei japanske gigantane frå 90-talet. Der JRPG-klassikarane bydde på sverd og magi, vil derimot South Park-spelet by på prompehumor i stor stil.

I spelet har så og seie heile byen South Park blitt innvolvert i eit levande rollespel, der alle har teke på seg ulike roller i kampen om «The Stick of Truth». I vår sniktitt frå i fjor hadde Marius følgjande å seie:

«Den etterlengta turen til South Park ser ut til å vere verdt å vente på. Spelet verkar å levere eit særs underhaldande eventyr i den karikerte verda vi kjenner frå TV-serien. Kampsystemet framstår morosamt og humoristisk, samtidig som det har ei viss tyngde som burde gjere det underhaldande over lengre tid.»

Obsidian har andre jarn i elden enn South Park. Kickstarter-prosjektet deira Pillars of Eternity som blir eit PC-rollespel av gamlesorten skal lanserast til vinteren.

Siste fra forsiden