South Park-rollespelet har fått dato

Etter mange år med venting er lanseringsdagen spikra.

At South Park: The Stick of Truth har vore ferdig ei god stund har på ingen måte vore hemmeleg. Etter at THQ gjekk konkurs og måtte selja eigedommane sine på auksjon gjekk South Park-rettane til Ubisoft. Sidan då har det vore ganske stille rundt South Park-spelet.

I dag har Ubisoft sendt ut ei pressemelding der dei fortel at spelet no har fått ein offisiell dato. Vi kan alle sjå fram til ein absurd tur til South Park 12. desember. Denne datoen gjeld i god Ubisoft-tradisjon berre for Xbox 360- og PlayStation 3-versjonane. Windows-versjonen vil få dato på eit seinare tidspunkt.

Det blir som vanleg godt med tarmgass i South Park.

Humor frå rollespelveteranar

I South Park: The Stick of Truth, som kjem frå rollespelveteranane i Obsidian, tek du på deg rolla som den nye ungen i South Park. Der held ungane på med eit svært så omfattande rollespel, og dette hamnar du i midten av.

Vi tok seinast i juni ein kikk på spelet, og hadde blant anna dette å seie:

«Den etterlengta turen til South Park ser ut til å vere verdt å vente på. Spelet verker å levere eit særs underhaldande eventyr i den karikerte verda vi kjenner frå TV-serien. Kampsystemet framstår morosamt og humoristisk, samtidig som det har ei viss tyngde som burde gjere det underhaldande over lengre tid. Utviklarane i Obsidian har også lang erfaring med å lage djupe rollespelopplevingar.»

Les også: Fra konseptkunst til spillgrafikk Les også: Obsidian lager gjerne mer Fallout

Siste fra forsiden