South Park-spelet er utsett igjen

Inga julemoro for South Park-fans.

Det er tydelegvis ikkje enkelt å lage spel i South Park-verda. Rollespelet The Stick of Truth frå rollespelmeistrane i Obsidian Entertainment har vore gjennom ein svært lang utviklingsperiode. Og etter at Ubisoft tok over rettane frå konkursramma THQ blei det stilt.

Tidlegare i haust fekk vi omsider ein dato og lovnad om at spelet skulle ut i butikkane i god tid før jul. Dette kan vi no berre gløyme, for Ubisoft har nett lagt ut ei oppdatering på bloggen sin der dei fortel at spelet er utsett til 4. mars 2014.

Måtte snuast opp ned

Som vanleg byr South Park-gjengen på luguber underhaldning.

I bloggen skriv dei at det berre tok nokre få veker før Ubisoft skjønte at dei måtte snu heile prosjektet på hovudet for å få til den kvaliteten dei ville ha frå prosjektet. For å vere heilt sikre på at kvaliteten er god nok har dei valt å droppe julesesongen.

Nøyaktig kor seriøse Ubisoft er i sine ord er det ikkje lett å bli klok på, spesielt om vi skal ta kommentaren frå South Park-skaparane Trey Parker og Matt Stone med i rekninga. I bloggen fortel følgjande om jaget etter dårleg kvalitet:

«Frå starten ville vi at spelet skulle vere som om du var i ein South Park-episode. Å få spelet på nivå med den elendige standaren til TV-serien har vore ei skikkeleg utfordring, og vi er glade for å kunne seie at det har tatt mykje lengre tid enn vi trudde det skulle ta.»

For å feire utsetjinga har Ubisoft slengt ut ein ny video frå spelet. Den kan du sjå nedanfor.

Les også: Sniktitt: South Park: The Stick of Truth
Les også: Anmeldelse: South Park: Let's Go Tower Defense Play!

Siste fra forsiden