Spanande vårslepp frå Nintendo

Vi har mange godbitar i vente på nyåret.

Nintendo hadde onsdag kveld ein av sine regelmessige Nintendo Direct-sendingar der dei viser fram det meste som kan krype å gå av spel til Nintendo-plattformer. Størst i fokus var kva vi har i vente i næraste framtid, og då spesielt mange sleppdatoar for komande spel.

Eitt av Nintendo sine mest etterlengta spel akkurat no er Pikmin 3 til Wii U, og dette spelet dukkar opp i løpet av andre kvartal neste år. I Pikmin 3 må du som vanleg sende ut små skapningar for å plukke opp gjenstandar, byggjer bruer og reparere romskipet ditt.

Andre kvartal er kanskje ikkje den mest presise datoen ein kunne håpe på, men eit anna Wii U spel – Scribblenauts Unlimited – har fått ein meir nøyktig dato, 7. februar. I dette spelet må du løyse mange gåter og teikne inn dine eigne figurar. Eit ekstra salstriks for Scribblenauts Unlimited er at du kan få selskap av mange kjende Nintendofigurar som Link og Bowser.

Trøbbel i Pikmin-land?

Mars blir ein solid månad for 3DS. Då dukkar det neste Castlevania-spelet Lords of Shadow: Mirror of Fate opp. Her møter du Simon og Trevor Belmot som må kjempe mot far sin, Gabriel. Som du kanskje hugsar var han helten i Castlevania: Lords of Shadow, og du tenkjer heilt riktig om du synest det er noko muffens med det biletet.

Andre 3DS-spel som dukkar opp i mars er Luigi's Mansion: Dark Moon, meir hjernetrim i Dr. Kawashima's Devilish Training, og eit nytt spel frå Pokemon-utviklaren Game Freak. Dette spelet har fått namnet Harmo Knight. og er eit sideskrollande rytmespel der du blant anna må samle inn musikkinstrument. Animal Crossing: First Leaf har på si side fått eit romsleg sleppvindauge i andre kvartal 2013.

Den kanskje mest positive overraskinga for gamle Nintendo-travarar var at det neste spelet i Fire Emblem-serien – Fire Emblem: Awakening – kjem til Europa i april. Som seg hør og bør for den taktiske serien er alle dødsfall permanente, og kvar person er unik. Det gjeld altså å passe godt på soldatane dine. Nytt for Awakening er at to krigarar kan forsvare og angripe samtidig. I tillegg vil vi få tilgang på nye kart vi kan bryne oss på etter lansering.

Sjekk ut vår spelkalender for å halde deg oppdatert på alle dei siste lanseringsdatoane.

Les også: Slik blir Pikmin 3 på Wii U Les også: Anmeldelse: Scribblenauts

Siste fra forsiden