Spel i skya med Square Enix

No kan du spele Hitman: Blood Money heilt gratis.

Det har vore mykje snakk om skyspeling dei siste åra. Heilt sidan OnLive blei kunngjort på GDC for nokre år tilbake har det vore spekulert fram og tilbake om dette er framtida. Utviklinga har derimot kanskje ikkje gått så raskt som enkelte hadde håpa på. Sjølv om skytenesta Gaikai nyleg blei kjøpt opp av Sony, har OnLive hatt store problem i det siste.

Noko vi har sett ein del av i nyare tid er browserspeling. Både spel som From Dust og Bastion kan spelast rett frå browseren, og fleire andre hiv seg på bølgja. Sist ut er Square Enix som no har kunngjort og lansert si eiga skyteneste CoreOnline. Her skal du etter planen få spele mange klassikarar frå Square Enix-biblioteket.

Vi får derimot ikkje så mykje å velje i akkurat no. Så langt er berre Mini Ninjas og Hitman: Blood Money tilgjengeleg, medan Lara Croft: Guardian of Light snart vil bli tilgjengeleg. Avhengig av kor solid nettlinje du har må du nok kunne rekne med litt hakking her og der, men for det meste ser tenesta ut til å vere temmeleg stabil, sjølv om den berre er i betastadiet.

Skjermbilete frå Lara Croft: Guardian of Light.

Ei positiv side ved CoreOnline er at du faktisk ikkje treng å betale ei einaste krone for å spele desse spela. Du treng ikkje ein gong registrere deg. Alt du treng gjere for å få spele litt er å sjå litt reklame. Square Enix hevdar sjølv at om du ser eit minutt med reklame vil du tene inn omlag 20 minutt med speletid. Om du har reklamefobi, kan du i staden velje å kjøpe deg vidare i spelet, der prisen varierer mellom spela. Å registrere seg kan likevel vere ein fordel, sidan dette er einaste utveg om du vil tene opp prestasjonar, og lagre framgangen din i skya.

Tenesta støttar Firefox, Internet Explorer og Google Chrome. Om du er Chrome-brukar kan du spele Mini Ninjas på MAC, medan Hitman: Blood Money så langt berre fungerer på PC. Om alt går etter planen skal Lara Croft: Guardian of Light òg bli MAC-kompitabelt.

No vil berre tida vise om vi får servert nokre spel frå Square Enix sin japanske fløy i tillegg, noko som ikkje burde vere utenkjeleg sidan klassikaren Final Fantasy VII nett blei relansert for PC.

Les også: Slik ser spill ut i nye Firefox 15 Les også: Square Enix imponerer med ny spillmotor

Siste fra forsiden