Spelarane flokkar tilbake til World of Warcraft

Blizzard feirar ti år med eventyr i Azeroth.

Lanseringa av World of Warcraft-ekspansjonen Warlords of Draenor 13. november har vore ein gigantisk opptur for Blizzard. Sjølv om spelartala har svinga mykje dei siste åra, og har vore nede i 6 millionar, går det no rett veg for spelet som feirar ti år i år. Blizzard har i ei pressemelding fortalt at dei i løpet av dei 24 første timane etter lansering selde heile 3,3 millionar kopiar av Warlords of Draenor. Dette har løfta spelarbasen opp til over ti millionar. Så høg befolkning har ikkje World of Warcraft hatt sidan 2011.

Warlords of Draenor er den femte ekspansjonen til World of Warcraft. I den får vi reise tilbake i tid for å kjempe med og mot gamle legender i Warcraft-universet. Ei av dei store nyvinningane i denne ekspansjonen er at spelarane får byggje sine eigne festningar.

Hentar fram gammalt raid

WAAFVH5OY8371407278832699.
Ein søt, nyt ven til alle World of Warcraft-spelarar.

Sidan det er ti år sidan lanseringa av World of Warcraft har Blizzard ikkje overraskande bestemt seg for å feire. Dette gjer dei på fleire måtar. Først i rekka er ei gåve til alle spelarane i form av det nye kjæledyret Molten Corgi, ein søt liten hund av magma.

For spelarar som har nådd nivå 100 kan ein gjennom Raid Finder ta del i det klassiske og svært populære raidet Molten Core. Dei som kjem seg gjennom dette vil få ridedyret Core Hound, samt ein ny hjelm.

I Battlegrounds vil Blizzard gjenskape kjensla frå kampane spelarane hadde mot kvarandre i World of Warcrafts tidlege år. i Tarren Mill vs. Southshore kan to lag gå til kamp mot kvarandre. Dette slaget vil bli tilgjengeleg både for spelarar som har nådd nivå 100, samt spelarar som ligg mellom nivå 90 og nivå 99.

Jubileumsinnhaldet vil ikkje vare evig, men vil forsvinne etter 6. januar.

World of Warcraft har vore det dominerande MMO-spelet heilt sidan lanseringa i statane i 2003, og i Europa frå tidleg 2004. Mange har prøvd å lage sine eigne konkurrentar til World of Warcraft, men utan stort hell. Blizzard prøvde å lage sin eigen arvtakar, men prosjektet som gjekk under namnet Titan enda opp med å bli kansellert. Delar av dette spelet blei vidareført i Blizzards nyleg avslørte skytespel Overwatch.

Kommentarer (28)

Forsiden akkurat nå

Til toppen