Norske UFO Hunter byrja som eit studentprosjekt på 90-talet – no er det lansert

UFO Hunter byggjer på nostalgikjensla.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det nyleg starta spelselskapet bitHammer er no ute med spelet UFO Hunter. Spelet er inspirert av tidlege klassikarar som Space Invaders. UFO Hunter er gratis, og er tilgjengeleg på engelsk og nynorsk.

Relansering av studentprosjekt

UFO Hunter er rein nostalgi.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Arnfinn Matre, dagleg leiar ved bitHammer, var først ute med UFO-Hunter allereie på slutten av 90-talet. Den nye versjonen byggjer på dette spelet og skal givast ut globalt.

– Det er jo ein litt artig historie. Spelet blei utvikla i QBasic og var ei fin avveksling frå eksamensjag og travle dagar med førelesingar på universitetet. Nokre av oss satt til langt på natt for å prøva å slå rekorden, seier Matre.

No er UFO Hunter skreve om i ny kode, tilpassa dagens plattformar.

Stavanger-selskapet kjem med meir

Matre seier til Gamer.no at det lenge har vore ein draum for han å gi ut spelet.

– Det er fleire tilfeldigheitar som gjer at lanseringa skjer akkurat no. Eg har tidlegare jobba som konsulent i oljebransjen. Det er ein roleg periode i olja no, noko som gjer at eg har fått tid til å fokusera på andre prosjekt. Eg trur det er viktig for Noreg, og spesielt Stavanger-regionen, at me satsar på andre ting enn olje, og spelbransjen er i sterk vekst, seier Matre. Han meiner me er i ein periode som er prega av 90-talsnostalgi, og ser på dette som ein god anledning til å lansere spelet.

Arnfinn Matre seier at det ligg an til fleire prosjekt i framtida. Uansett korleis det går med dette spelet, kjem det meir.

UFO-Hunter blir ein «soft launch», og Matre fortel at spelet skal vidareutviklast saman med brukarane. Tilbakemeldingar frå spelarane blir sentralt.

Spelet kom ut laurdag 27. august til Android, iOS, Mac, Windows Mobile og Windows 10.

Fekk du med deg at det skal kome ein Space Invaders-film?

Siste fra forsiden