Square Enix slår ned på utolmodige fans

Final Fantasy-studioet likar ikkje at fans overset spela deira sjølve.

Rollespelet Final Fantasy Type-0 blei kunngjort så langt tilbake som i 2006. Opphaveleg skulle det vere ein del av Square Enix si store Final Fantasy XIII-satsing Fabula Nova Crystallis, men etter lange utviklingsprosessar og fleire utsetjingar enda dei opp med å omdøype PSP-spelet som først hadde namnet Final Fantasy Agito XIII til Final Fantasy Type-0 for å la det stå på eigne bein.

Lang ventetid

Skjermbilete frå PSP-versjonen av Final Fantasy Type-0.
Skjermbilete frå PSP-versjonen av Final Fantasy Type-0.

Spelet blei lansert i Japan i 2011, men etter det har det vore stille. Spelet skal ha vore meir eller mindre ferdig oversett, men blei av ukjende grunnar skrinlagt. Dette sette ei rekke fans lite pris på, og sette difor i gong med si eiga oversetjing. Den oversetjinga er no ferdig, og har kome i hende på fleire fans som har venta i årevis på å få spele Final Fantasy Type-0. Den offisielle lanseringa skulle derimot ikkje vere før 8. august.

Dette har derimot Square Enix no sett ein stoppar for. I ei oppdatering på på nettsidene sine har sjefen for oversetjinga fortalt at Square Enix sette foten ned for prosjektet rett før lansering:

«Uheldigvis har eg blitt tvinga til å fjerne alle innlegg og sider relatert til den populære Final Fantasy Type-0-fanoversetjinga. Det stemmer, eit visst spelselskap trur trugslar og falske anklager er den beste måten å behandle sine største fans på. Akkurat no kan eg ikkje svare på spørsmål angåande dette, men eg vil skrive ei fyldigare oppdatering om dette når eg får sjansen.»

Fanoversetjinga har vore kjend lenge, så kvifor Square Enix har venta så pass lenge med å slå ned på den kan vi berre spekulere i. Ein sannsynleg grunn er at Square Enix under E3-messa kunngjorde at Final Fantasy Type-0 omsider får si vestlege lansering. Spelet som blei lansert til PSP i Japan vil få seg ei solid oppussing før det kjem til vesten, og blir eit spel på Xbox One og PlayStation 4.

 

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen