Square Enix viser musklar

Square Enix er kongen over japanske rollespel. I går viste dei korleis dei skal behalde trona.

Side 1
Side 2

Massive spel til PlayStation 2

Med dei handholdte konsollane ute av vegen, står vi igjen med spela som kanskje er dei aller største titlane frå Square Enix i år. Den første videoen vi fekk presentert på konferansen i dag var frå rollespelet Final Fantasy XII. Spelet har gjort store forandringar på serien sitt kjende oppsett med tilfeldige og turbaserte kampar, og fekk massive 40 av 40 moglege poeng i japanske Famitsu. Frå den svært lange videoen vi fekk presentert i dag var det mykje lettare å gjere seg inntrykk av kva spelet eigentleg handlar om. Grunnen til dette er ganske enkel. For første gong fekk vi endeleg høyre dei engelske stemmene i spelet, og eg kan med handa på hjarte sei at om du blir skuffa over dette, er det noko alvorleg gale med deg. Det var enormt overbevisande, og berre frå korte dialogar og samtaler blei ein drege inn i dei glimte ein kunne få av historia.

Skjermbilde frå Final Fantasy XII på PS2.

Det kan også verke som om Square Enix har bestemt seg for å gi karakterane stemmer etter kvar dei kjem frå i verda. Sidan visse karakterar snakka britisk, andre amerikansk, og nokre andre rasar hadde si eiga spesielle stemmeprakt. Alt i alt ser det ut til at spelet kan ha ein noko mørkare og dystrare tone enn kva vi har sett frå serien dei siste åra, og det lovar svært bra.

Action-eventyret Dawn of Mana er det andre spelet i Square Enix sitt World of Mana prosjekt som blei vist fram i dag. Spelet er kanskje ikkje eit av dei penaste reint teknisk sett, men dette er det ein temmeleg god grunn til. I Dawn of Mana finn vi noko som ikkje er så vanleg på PlayStation 2; Havok-fysikk. Alle objekt i landskapet reagerar realistisk ved kontakt, og det er veldig tydeleg at dette har mykje å sei for korleis du spelar. Du kan ta tak i ting, kaste dei rundt, og ved hjelp av fysikken få ting til å reagere med kvarandre. Det ser ut til at du praktisk talt kan bruke det meste du finn i landskapet som våpen. Det ser alvorleg tøft ut, og eg gledar meg til å sjå nærmare på det så snart messa opnar dørene på onsdag.

Action-spelet Dirge of Cerberus: Final Fantasy VII er satt tre år etter hendingane I Final Fantasy VII. I dette spelet følger vi den mørke og mystiske Vincent Valentine i det han kan best; sparke rumpe. Videoen viste mange flotte filmsekvensar i same høge kvalitet som Advent Children, blanda med mange utdrag frå spelet. Dirge of Cerberus er eit tredjepersons-actionspel der Vincent vil bruke både skytevåpen og nærkamp for å bekjempe sine fiendar. Vincent kan oppgradere sine våpen og transformere seg til eit monster for å gjere ekstra skade. Om dette spelet ikkje skulle være nok for Final Fantasy VII-fans, annonserte Square Enix enda eit spel i dag; Dirge og Cerberus Lost Episode: Final Fantasy VII (smak på namnet) til mobiltelefonar.

Dirge of Cerberus: Final Fantasy VII til PS2.

Det siste spelet til PlayStation 2 var rollespelet Valkyrie Profile: Silmeria. Dette spelet er satt i tida før det første Valkyrie Profile spelet, og har sterke tilknytningar til Norrøn mytologi, sjølvsagt med ein japansk vri. Spelet er utvikla av Tri-Ace, som blant anna har stått bak Star Ocean og Radiata Stories. Det er ingen tvil om at dette er eit av dei penaste spela for denne generasjonen. Lyseffektene i Valkyrie Profile: Silmeria er på alle måtar nydelege, og skapar ei fantastisk stemning. Kampsystemet gir deg kontroll over fire forskjellige heltar samtidig, noko som gir rom for ei rekke ulike angrep og spesialkomboar.

Heilt til slutt gikk fokusen over på neste generasjons konsollar. Square Enix fortalte at dei var fokuserte på å vise full bredde og støtte for neste generasjon, sjølv om dei ikkje viste noko nytt for Xbox 360 (dei har uansett gitt ut Final Fantasy XI til maskina). Den første konsollen dei viste si støtte for var Nintendo Wii.

Første Wii-spel på presentasjonslista var Dragon Quest Swords: The Masked Queen and the Tower of Mirrors. Frykteleg lite blei vist av spelet, men vi fekk sjå ein kort film av ein ung mann som spring gjennom skogen, møter ein TV med eit monster godt plassert inni, og fektar litt med Wii-kontrolleren. Denne fektinga gav utslag på steinmonsteret på TV-skjermen akkurat som du sikkert har sett føre deg at Wii kan brukast. Dette var alt som blei vist av spelet, men gav likevel eit lite inntrykk av kva vi kan vente oss.

Bilde frå Final Fantasy XIII til PlayStation 3.

Det andre og siste spelet til Wii var Crystal Bearers – eit nytt action-eventyr i Final Fantasy Crystal Chronicles-serien. Vi fekk ikkje sjå noko av korleis spelet fungerar, men vi fekk sjå litt av grafikken. Sjølv om det som forventa ikkje er heilt på nivå med PlayStation 3 og Xbox 360, var det frykteleg pent. Veldig søt og rein grafikk som passar ypperleg til dei litt teikneserieaktige og barnlege figurane spelet byr på. Dessverre var det kun sekvensar utan nokon indikasjon for korleis spelbarheita blir, noko som gjer det temmeleg umogleg å danne seg eit fornuftig inntrykk.

Med unntak av ei rekke mobilspel som sannsynlegvis svært få nordmenn nokon gong kjem til å kome i nærheita av, var det mange spandande produkt som blei vist fram på Square Enix sin pressekonferanse. Det er kanskje ikkje så interessant å sjå at dei gamle Final Fantasy-spela frå Nintendo og Super Nintendo kjem ut i enda ein ny versjon, men bortsett frå litt lett gjenbruk er det ei rekke store titlar på veg. Størst akkurat i dag er uansett annonseringa av Fabula Nova Crystallis: Final Fantasy XIII, som vi har omtalt i eigen artikkel.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden