Anmeldelse

SSX 3

For tredje gong kan du ta med deg Moby, Elise og alle dei andre folka frå SSX-spela ut på eventyr. Det heile er større, betre og meir imponerande enn nokon gong. Med eit heilt fjell som utgangspunkt, er det berre å spenne fast brettet, skru opp musikken, og kaste seg i det.

Side 1
Side 2
Side 3

Forbigåande rekordar
Nytt med SSX 3 er du ikkje har nokon garanti for at rekorden din blir ståande. Dette er spesielt tydeleg når du blir utfordra av ein konkurrent om å køyre frå ein fjelltopp, og ned til eit gitt punkt. Desse er sjeldan ei stor utfordring, og rekorden burde lett bli din ei stund, men etter kvart vil du kanskje legge merke til at nokon har snappa rekorden din. Dette får du vite enten ved å sjekke statusen på dei forskjellige banene, eller ved å bla gjennom posten din. Posten sjekker du ved å trykke på start, for så å gå inn på "messages". Dei forskjellige beskjedane du får varierar alt ettersom korleis du vel å spele. Dei mest typiske beskjedane går ut på at du får ei utfordring, at du får oppmuntrande ord får konkurrentar som ber deg vise ein utfordrar kven som er sjefen, eller at nokon har slått rekorden din. Om du er glad i vald, kan det og dukke opp sinte beskjedar frå folk som ikkje heilt likte at du nettopp slo dei ned.

Kontrolloppsettet i SSX 3 er så og seie identisk med dei tidlegare spela i serien, med eit par unntak. Når du skal lange ut etter konkurrentane brukar du no ryggknappane i staden for R3, du kan og blokke innkomande angrep med desse. Skal du trikse, foregår dette som før. Du held inne hoppeknappen lengst mogleg før eit hopp, og trykk samtidig inn retningsknappane på D-paden. Når du er i lufta er det berre å gripe brettet i så mange posisjonar som mogleg før du når bakken. Det har også blitt utført eit par justeringar når det gjeld "Uber"-triks. I Tricky fekk du full boost resten av bana når du hadde tatt nok "Uber"-triks til å stave "Tricky" over boost-barometeret. "Tricky" er no skifta ut med "Super Uber", og det heile fungerar på ein litt anna måte.

Når du har triksa nok til å få fullt boost-barometer kan du utføre dine første "Uber"-triks. Desse utfører du ved å halde inn ein av dei fire rygg-knappane, og trykke på firkant. Når du har utført fire "Uber"-triks (nok til å stave "Uber"), får du tilgang på "Suber Uber"-triks. Desse utfører du ved å halde inn L1 og L2, eller R1 og R2, og trykker på firkant. I tillegg vil dine ordinære "Uber"-triks bli meir imponerande når du har nådd "Uber". Noko som fører til at du må ha meir luft for å ta triksa. Greier du til slutt å stave heile "Super Uber", vil du få full boost ei stund. Etter kvart vil den forsvinne, noko som blir varsla av ei bestemt tikking, før den går ned til "Uber" igjen. Då må du stave "Super" på nytt, for å få full boost. "Uber" forsvinn aldri når du først har fått den, men om du mistar boost, må du fylle den opp igjen med vanlege triks, før du kan utføre "Uber"-triks igjen.

Eit nytt triks du har tilgjengeleg i SSX 3 er "handplant". Ved å trykke på sirkel-knappen nær ein rail, eller i det heile tatt noko du kan ta tak i, vil karakteren din gripe den, svinge seg opp i handståande, og bli der så lenge balansen held. For å halde på balansen kan du rette deg opp ved hjelp av L3. Å utføre ein "handplant" har også ein anna funksjon. Ein viktig del av SSX 3 er komboar, og du vil kunne bruke "handplant" til å lenke desse saman. Ein kombo blir utført ved å først utføre eit triks, for så å utføre eit nytt etter kort tid. Du har berre nokre få sekund på å rekke dette, derfor vil ein "handplant" kunne bli eit viktig ledd i å lenke desse saman til enorme kombo-bonusar. Har du tatt eit høgt hopp med absurd triksing, men ser at det er for langt til neste hopp for å bygge vidare påkomboen, kan du ta ein "handplant" der det er mogleg. Skulle det ikkje vere mogleg å utføre "handplant", bør du uansett ta ein ekstra 180 for å redde komboen din. Om du ikkje utfører minst to triks etter kvarandre, vil bonusen forsvinne.

Like sosialt som før
Som vanleg byr også SSX 3 på fleirspelar-modus. Du har valet mellom å spele mot ein ven på delt skjerm, eller koble deg opp til nettet og ta med deg karakteren din online. Beklagelegvis har vi ikkje hatt anledning til å teste online-delen av SSX 3. Å spele på same skjerm er uansett inga dårleg erstatning. Skjermen er delt vertikalt på midten, noko tilhengjarar av serien burde vere vande med. I tillegg kan du no velje klede før du går i gang. Du kan også hente fram karakterar frå lagra spel, noko som i praksis betyr at du kan ta med deg din hardt opparbeida karakter over til ein venn, for å spele der. Ein del av banene i SSX 3 er tydeleg først og fremst designa for ein spelar. Noko som er lett å merke. Nokre av banene har rett og slett ikkje rom for to spelarar. Dei banene som er store, med mange moglegheiter derimot, er som å kome til himmelen for to harde konkurrentar.

SSX 3 er eit enormt spel. Du kan køyre nedover fjellet i opptil ein halvtime, i strekk, heilt utan hakking eller laste-tider. Noko som gjer det heile enda meir imponerande er dei fantastiske landskapa. Når du køyrer nedover fjellsida vil du kome innom alt frå ville fjelltoppar herja av storm, solkledde åskammar, og grotter der blokker av is dett ned på deg. Det heile ser fantastisk ut. Noko av det som gjer mest for grafikken i denne omgang er det at snøen ikkje lenger ser heilt steril og kjedeleg ut. Det glitrar i refleksjonar frå sola, og når du køyrer nedover vil snøskyer blåse opp bak deg. Flotte vereffektar som inkluderar absolutt alt frå lett snø til kraftige snøstormar, byr og på ei utfordring for auga. Det er av og til lett å bli svimmel når ein kastar seg utfor ein skrent, og dalar hundre meter nedover mot ein avgrunn der stein og tre ventar på deg.

Dessverre er det ein viktig del av spelet som kan øydelegge litt for ofte. Sidan bretta er store, og du kan køyre stort sett slik du ynskjer, er det lett å få inntrykket av nettop det; at du kan køyre der du vil. Dette stemmer på ingen måte. Ved mange tilfelle kan du hamne utanfor bana. Når du får beskjeden "Off Limits" vil du bli plassert tilbake på bana, og du taper både tid og boost. Spesielt i eit race er dette fatalt. Hamnar du utanfor bana kan løpet vere over for din del. Det som forundrar mest med dette er at du får denne beskjeden der du absolutt ikkje forventar det. Eg har sjølv opplevd å få hopp øydelagde fordi eg har hamna for høgt opp i lufta, ved å prøve a ta ein snarveg, eller fordi høg fart sender meg utanfor sjølve bana.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden