Anmeldelse

SSX 3

For tredje gong kan du ta med deg Moby, Elise og alle dei andre folka frå SSX-spela ut på eventyr. Det heile er større, betre og meir imponerande enn nokon gong. Med eit heilt fjell som utgangspunkt, er det berre å spenne fast brettet, skru opp musikken, og kaste seg i det.

Side 1
Side 2
Side 3

Imponerande audio
Den gode gamle kommentatorstemma frå SSX-spela er til slutt historie. Sannsynlegvis fann EA Big ut at slike ting ikkje heilt fungerar for ein søndagstur på fjellet, og det har dei heilt rett i. Det nye i år er Radio Big. Kvar utøvar har sin eigen M-com. Dette er ei slags minidatamaskin som serverar deg statistikkar, postkasse og musikk. Gjennom denne vil Radio Big opplyse deg om alt som skjer på fjellet. Om det så skulle vere lovord om deg, eller informasjon alt det merkelege som skjer på fjellet. Heile opplegget fungerar perfekt. Radiostemma er behageleg å høyre på, men best av alt så vil du ikkje bli lei av det han har å sei. Sjølvsagt vil du høyre eit par ting om igjen, men etterkvart som du utforskar fjellet vil du få høyre så mykje forskjellig, at du sannsynlegvis ikkje vil hugse det om du har høyrt noko av det før.

Radio Big er kanskje interessant å høyre på, men det beste av alt er kanskje musikken vi får servert. Når du begir deg ut på ei bane vil han introdusere eit ny låt, og på lydsporet til SSX 3 finn vi alt frå Janes Addiction og Placebo, til Röyksopp og Chemical Brothers. Om du skulle vere i tvil så er det omtrent musikk for ein kvar smak her. Greit nok, er du på jakt etter Satyricon eller D.D.E. bør du nok leite ein annan stad, men fordelen med musikken i SSX 3 er at det er ein type musikk som ikkje skrik for mykje i nokon retning. Det er stort sett musikk som burde vere tilgjengeleg for dei fleste, og samtidig er av høg kvalitet. Om du likevel skulle mislike visse låter, kan du alltids konfigurere di eiga spele-liste.

I tillegg til flott grafikk, og bra musikk, har SSX 3 veldig bra lydeffekter. Lydane frå vinden, torden og snøskred står utmerka til resten av spelet. EA Big har droppa kjendismomentet som Tricky hadde, men det er ingen grunn til å bli skuffa over at Jim Rose og Lucy Liu ikkje er med lengre. Stemmene som dei er no fungerar minst like bra som før, og dei seier like mange tåpelege ting medan dei susar nedover fjellsida.

Konklusjon
Det er ingen tvil om at SSX 3 leverer varene. Det forbedrar på omtrent alt i forhold til dei to tidlegare spela. Ting som ikkje var heilt bra før er retta opp i, og det som var bra før er gjort enda betre. At du no har eit heilt fjell å boltre deg på er ein genistrek. Du har mange fleire baner enn før, og det er stor variasjon mellom dei. Det einaste som verkeleg trekk ned er får ting spolert av at du hamnar utanfor bana. Om det du ikkje skal kunne køyre til visse område, hadde det faktisk vore betre med usynlege veggar. SSX 3 burde kunne nagle deg fast til sofaen minst like lenge som SSX og SSX Tricky. Det er mykje meir å bryne seg på denna gang, ikkje berre i form av fleire baner, men også fordi det er så mange ting du kan låse opp. Å kle opp karakteren din kan bli eit prosjekt i seg sjølv, som kan halde deg gåande i lang tid. SSX 3 har så og seie alt, fantastisk grafikk, flott lyd, og eit av dei mest solide kontroll-oppsetta nokon sinne. SSX 3 er så bra at til og med folk som ikkje toler tanken på snø, kulde og sport burde skifte meining. Vinteren er på veg, og det finst ingen betre måte å tilbringe den på enn godt planta i sofaen, med ein kopi av SSX 3 surrande i konsollen din. God fornøyelse.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden