Anmeldelse

SSX Blur

Akkurat no er eg mest eit stort spørsmålsteikn. Var dette verkeleg nødvendig? Er verkeleg Wii den naturlege eller nødvendig utviklinga for SSX-serien? For min del kjennest det meir som om vi sit igjen med eit spel der noko er fundamentalt øydelagt. Noko eg held kjært. Ikkje fordi det vi har fått er eit forferdeleg produkt, men fordi det som gav meg glede på sett og vis er borte. SSX Blur gjer spelet både enklare og vanskelegare på same tid. Det er lett å køyre fort, det er lett å få høge poeng tidleg, men det blir raskt mykje vanskelegare.

Det nye kontrolloppsettet er like forutsigbart som ein kan forvente seg når serien no har teke steget til Wii. Du svinger frå side til side ved å vri på nunchucken, og for ekstra presissjon kan du bruke stikka i tillegg. Hold stikka framover, og du gassar opp. Så langt er alt vel og bra. Å gli nedover fjellsida er som ein draum, den kjende stemma frå DJ-en set deg inn i den gode stemninga, sjølv om du ser at noko er litt feil. Var ikkje SSX penare enn dette? Eit kjapt tilbakeblikk bekreftar raskt mine mistankar. SSX Blur både ser og kjennest ut som eit mykje flatare og upersonleg spel. Det manglar liv, det har på sett og vis blitt ein karikatur på seg sjølv.

Alle karakterane i spelet har fått oppblåste proporsjonar, kanskje i eit forsøk på å gjere serien meir hipp og kul, om det skulle vere nødvendig. Eigentleg er det fullstendig unødvendig, og trekk det heile ned eit par hakk. Det er og noko veldig kjent her. Banene ser mistenksamt like ut dei vi finn i SSX 3, men det er noko feil. Alt er så rotete no, det er vanskeleg å finne vegen dit du skal, kanskje ikkje så rart sidan all skrifta på dei store treskilta er uleseleg gotisk skrift som ikkje sit godt på sitt underlag.

La gå, EA BIG har utnytta gamle baner før, dei gjor det i Tricky og dei gjor det i SSX On Tour til PSP, sjølv om sistnemnde ikkje akkurat leverte det vi hadde håpa på. Det er likevel noko som luktar av middagen frå i går her. Personleg er eg ikkje så interessert i å spele gamle baner om igjen. Det er riktignok eit par nye ting å sjå, men den generelle heilheita er den same. SSX Blur står raskt fram som eit gammalt spel i ny innpakning.

Er nytt bra?

Eg vil tørre å samanlikne SSX med slåssespel. I eit slåssespel er det viktig å trykke inn knappar i forskjellige rekkefølger for å utføre komboar. Sjølv om det har sine forskjellar med korleis eit spel som Tekken fungerar, har du i SSX alltid utført store triks ved å være flink til å trykke inn forskjellige kombinasjonar av knappar. Det handlar om å få eit bra hopp, veriere triksa, og bygge opp poengsummen din. På PlayStation 2 har du fire ryggknappar til å utføre forskjellige grabs med, du kan tweake desse i tillegg for enda større uttelling. I SSX Blur er det heile ganske forandra, og sluttresultatet er på ingen måte imponerande. Kor godt trur du Tekken ville ha fungert på Wii utan å samtidig jage bort veldig mange spelarar?

For å utføre triks må du svinge rundt på Wiimoten. Deretter trykker du inn Z-knappen og vrir på nunchucken. Det er veldig enkelt, men det blir raskt veldig repetitivt. Du køyrer, hoppar, svingar litt, og du gjer eigentleg det same heile tida, men likevel er det små nyansar som gjer kvart hopp hakket forskjellig. Det er her litt av problemet ligg. Ved å gjere det same trikset på rad, vil du her – som i alle andre SSX-spel – få halvert poengsum. Dette har så langt fungert som ein motivatør for å få deg til å variere triksa. Sjølv om eg gjer dei same rørsla med hendene mine kvar gong, har eg aldri erfart å bli trekt i poeng. Det får meg nesten ufrivillig til å gjere det same gong på gong, og akkurat det er frykteleg kjedeleg.

SSX Blur sitt største problem er at kontrollane ikkje er presise nok. Wiimoten reagerar ikkje alltid på det du gjer, og sjølv om du nesten hiv den i veggen i frustrasjon, er det ikkje alltid at du får tatt den piruetten du er på jakt etter. Når det fungerar endar du opp med eit spel der du slår stikka i ein eller anna vinkel, vrikkar litt på nunchucken, og det er det. Gjenta, vri ein anna vinkel, gjenta, gjenta, gjenta. Det er ikkje moro lengre, det er ein sport for robotar som eigentleg ikkje bryr seg om kva som skjer på skjermen. Det er tidsfordriv, det er greit for å drepe ein halvtime, men eg lengtar umiddelbart tilbake til forrige generasjon.

Som eit direkte resultat av dette, finn vi det fullstendig håplause Übertriks-systemet. Har du fått nok boost (eller groove som det heiter her), kan du gjere eit forsøk på å utføre det som gjennom SSX-serien har vore klimakset ved triksing. For å utføre eit Übertriks, må du halde inne A medan du teiknar eit symbol på skjermen. Det fungerar omlag like godt som å helle innpå med plumbo til frukost og satse på at du får ein roleg dag.

Måten Übertriksa er implementert på, får deg til å unngå dei i større grad enn du ynskjer å bruke dei. Sjansen for at eit enormt hopp er bortkasta, er enormt mykje høgre om du prøvar deg på eit Übertriks. Det er visse triks det går greit å utføre etter litt trening, men uansett kor mange gongar du prøvar, og uansett om du er heilt hundre prosent sikker på at du har nagla det, og veit korleis dei skal utførast, blir du slått i bakken gong på gong. Enten er det responsen som er for upresis, eller så er det tilfeldig om spelet i det heile tatt les kva du gjer.

Dei vakre lyspunkta

Alt er likevel ikkje så ille som ein lett kan tru. Å køyre løp er fantastisk moro. Til akkurat dette fungerar Wii som ein draum. Det kjennest naturleg og du handlar mest på instinkt så snart du er forbi læringskurva. Du lenar deg frå side til side som om du aldri skulle ha gjort noko anna, og akkurat dette gir meg eit svakt håp om at EA verkeleg kan få dette til om dei berre prøvar litt hardare. Det er og situasjonar der triksinga verkeleg fungerar. Til dømes når du susar nedover fjellsida med frie tøyler, er det lett å bli veldig engasjert der du sit og veivar med kontrollane.

SSX Blur prøvar litt halvhjerta å ivareta den fantastiske kjensla SSX 3 gav oss av å faktisk vere på eit enormt fjell. Ein del av dette kom gjennom eit usedvanleg godt gjennomført lydspor. I SSX Blur er musikken bytta med spesialskriven musikk. Denne blir direkte påverka av dine prestasjonar i bakken. Etter kvart som du byggjer opp groove-meteret, vil fleire lag av lyd bli lagt på musikken, inntil du endar opp med ei drivande poplåt. Det gir kanskje ikkje den same kjensla som i SSX 3, og tidvis er låtene så repeterande at det høyrest ut som om det er hakk i plate, men stort sett fungerar det veldig bra.

Eg nemnde likheiter med SSX 3 tidlegare, og det er i meir enn kun banene. I likheit med SSX 3 har du eit fjell beståande av tre fjelltoppar. Det gir deg sjølvsagt mykje rom å boltre deg på, men det kan og skape forvirring sidan vegskilta som sagt er litt vanskelege å lese. Derfor er det veldig greit at du raskt kan hente opp eit kart for å velje kvar du vil gå. Herifrå kan du sjå kva utfordringar dei forskjellige områda på fjellet byr på, og klikke deg direkte inn på det du vil. Dei fleste områda gir deg enten valet mellom å trikse eller å køyre race, samt køyre slalom.

Om du gjer det bra i fjellet vil du gradvis få poeng du kan bruke til å bygge opp karakteren din. Det er ein god idè å tenke litt over kva du vil bryne deg på før du bygger deg opp. Du kan til dømes gå gjennom alle løpene først, og medan du gjer dette fordeler du poeng på svinging og fart, for så å skifte over til å bygge opp trikseferdigheitene dine når du skal inn i halfpipen.

Om du ikkje vil spele aleine, er det fullt forståeleg sidan spelet blir mange hakk betre av å vere litt sosial. Banene i tidlegare spel har kanskje fungert betre teknisk sett for to spelarar, men det er vanskeleg å ikkje ha det moro når to stykk sit og veivar med kontrollane i lause lufta. Du kan òg kaste snøballar for å slå ned motstandarane, noko som lett kan skape litt mild aggresjon i sofaen. Ein anna positiv detalj er at du kan velje å kaste deg ut i ei tilfeldig løype, noko som gjer det litt lettare å velje utfordring.

Konklusjon

SSX Blur framstår mest som ein test for å sjå korleis SSX kan fungere på Wii. Det er mange gode tankar her, men gjennomføringa er høgst diskutabel. Løpene fungerar utmerka, men triksing er ufullstendig og upresist. Du manglar kontakt med karakteren du styrer nedover fjellsida, og for eit spel som dette er akkurat det katastrofalt. Eg kan godt sjå føre meg at framtidige SSX-spel på Wii verkeleg kan få til noko flott, men i mellomtida håpar eg heller det kjem eit nytt spel med knappetrykking til PlayStation 3 og Xbox 360. SSX Blur fungerar delvis, men overbevist om at dette er framtida til serien, det er eg ikkje.

Vurdering


SSX Blur Wii Wii 5/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 15. mars 2007
  • Plattform: Nintendo Wii
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: EA Games

Kommentarer (21)

Forsiden akkurat nå

Til toppen