Sniktitt

SSX On Tour

Det er berre å spenne på seg snøbrettet, eller skia, eller treplankane om du foretrekk det. Vinteren blir kald, og EA BIG er klare for å bevise det eg har hevda i lang tid. Snø er best på TV. Kvifor kaste seg ut i det våte og kalde snøkavet når du kan vere ein konge i din eigen sofa? Vi har hatt den udiskutable glede av å teste det neste leddet i det ein nesten må kalle SSX-sagaen. Denne gong er det betre, enda betre, større og nesten ubeskriveleg i all si prakt. Forbered deg på å suse nedover fjellsida i eit farleg høgt tempo medan gledestårene fossar som ein foss på vestlandet medan du brøler "jaaa!".

Som i SSX 3 har du eit enormt fjell til disposisjon, men spelet er ikkje fullt så lineært som før. For det første kan du lage eigne karakterar. Du kler dei opp som du vil, gir dei eit ansikt, og kastar dei ut i eit barskt miljø med ei haldning som sparkar bein under pusekattfaktene frå dei tidlegare spela. Når du endeleg går i gong med det spelet handlar om, viser det seg at du kan velje sjølv kva du vil gjere. Du får eit kart over fjellet, og på dette dukkar det opp utfordingar og konkurransar etter kvart som du bevegar deg oppover rangstigen. Så langt ser det ut til å vere umogleg å få med seg alle desse, for dei dukkar opp og forsvinn etter kvart, noko som gir stort rom for å spele om igjen med andre karakterar (som om det har vore eit problem før).

For å klatre opp rangstigen i SSX On Tour må du bygge opp hype, og dette gjer du ved å delta i dei forskjellige utfordringane fjellet byr på. Om du gjer det bra, klatrar du sjølvsagt oppover, men samtidig kan du også få delta i konkurransar som minnar meir om det vi kjenner frå tidlegare spel i serien. I tillegg til dette kan du også få sponsor-kontrakter, noko som i praksis berre betyr meir peng i kassa. Meir peng i kassa betyr sjølvsagt at du kan handle fleire ting til karakteren din for å skreddarsyn han/ho etter din eigen smak. Pengar kan du også få ved å leve farleg. I noko som kanskje er litt inspirert av Burnout, kan du herse med turistane på fjellet, og få poeng for det. Det er uansett greit å ta det litt med ro om du brått høyrer sirener.

Klar, ferdig, inferno
Det viktigaste er uansett løypene, om du i det heile tatt kan kalle dei det. SSX 4 er eit spel samansett av eit enormt antal forskjellige område, og på same måte som i SSX 3 kan du køyre frå toppen og ned. Forskjellen er berre at desse banene er så uendeleg mange gongar betre enn noko serien har hatt før. Kan du tru det? Ein blir nesten ør av å tenke på alle moglegheitene løypene byr på. Brått ser du fem forskjellige stadar å raile frå, og stort sett får det like mange forskjellige utfall. Du kan sjølvsagt velje å ikkje bry deg med railing, og du vil ha det minst like moro då og. Best av alt, den kjedelege "Out of Bounds"-beskjeden som ofte dukka opp i SSX 3 har eg framleis til gode å erfare.

Det er sjølvsagt andre nyvinningar å spore. Små justeringar på kontrolloppsettet gjer spelet til ein draum å spele, men den største nyvinninga akkurat her kjem i form av det nye monster-triks-systemet. I staden for å trykke inn avanserte komboar når du har bygd opp nok boost, held du høgre analogstikke opp eller ned. Dette sender deg ut i nokon som enklast kan beskrivast som SSX 4 sitt svar på "bullet-time". Tida står nærmaste stille i det du gjer eit monstertriks, og du kan rotere på analogstikka for å finpusse trikset ditt i enda større grad. Klimakset kjem i det du slepp analogstikka, og treff bakken med eit brak før du susar nedover fjellsida i ein imponerande fart. I tillegg kan du no velje å stå på ski i staden for snowboard, noko som fører enda litt meir variasjon til serien.

I tillegg til nyskapingar i terrenget har heile ramma for SSX fått eit seriøst ansiktsløft. Menyane er i eit røft uttrykk som skrik "rock ’n roll" (ikkje i Wig Wam-stil, meir som eit hyl frå Iron Maiden). Både menyar og lasteskjermar er fyllt opp av snåle teikningar og krusedullar, og det forsterkar inntrykket av at dette verkeleg er eit heilt nytt kapittel i serien. Musikken er også av eit litt anna kaliber. Der er framleis funky og elektronisk musikk, men der musikken i SSX 3 gav deg ei svak kjensle av ein søndagstur på fjellet, fortel musikken I SSX on tour deg at "du er barsk, og du skal ned den bakken no!"

Konklusjon
Det er eigentleg berre å setje i gong med å mate sparebøssa. SSX On Tour er definitivt eit spel du ikkje vil gå glipp av denne høsten. Denne gongen er det ingen kjære mor, dette ser ut til å bli eit spel som kan gi deg eit solid spark i tenna. Kontrollen sit som støpt, løypene er fantastiske, farten er skyhøg, og grafikken har fått enda eit løft med flotte nye vereffekter. Dei nye monster-triksa lovar godt, sjølv om vi er litt usikre på om kameravinklinga kan bli eit problem. Bortsett frå akkurat det, er det faktisk ingenting som ikkje tilseier at SSX 4 blir eit monster. Det er ikkje så mykje å sei bortsett frå at eg gledar meg til å ta i boksen med eigne hender, lukte på den, stryke på den, og ramme den inn i gull. Takk for meg, eg har nokre motstandarar å gruse.

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen