Anmeldelse

SSX On Tour

Det er ganske trist å sjå ein serie som SSX On Tour bli redusert til eit frustrerande og middelmådig produkt på PSP.

Svoren SSX-fan som eg er, gleda eg meg stort til å endeleg kunne ta med meg vinteren på toget. Med nervene i høgspenn viste tittelskjermen seg på den sylskarpe skjermen. Oppsettet er for så vidt greit nok. Det er litt forenkla for å tilpasse det heile til den handholdte, og det er gjort såpass strømlinjeforma at du berre treng nokre få trykk på knappen for å vere i gong. Først av alt må du lage ein karakter, og du verda for nokre val du får. Mann eller dame, akkurat ja. Greit, du kan velje mellom to kostymer, men det betyr eigentleg mindre enn ingenting.

La gå, det er nok moro likevel, tenker eg og kastar meg utfor. Det eg raskt innser er at alle dei som likar denne inkarnasjonen av SSX tar frykteleg feil. Ja, eg tør å vere så bastant. Dette er SSX om du køyrer det gjennom ei maklueringsmaskin og så får ein blind gorilla til å lime saman bitane. Banene er der, sjølv om dei av ein eller anna grunn stammar frå SSX 3, men det er eigentleg alt som er der. Aller første reaksjon er at kontrollane er forferdeleg upresise. Ja, du høyrde riktig. SSX som har levd sine glansdagar på konsollane med eit kontrollsystem som rivaliserar lasersikte i preisjon, er "endeleg" fullstendig øydelagt.

Eg krev reaksjon
Det er til tider direkte vanskeleg å utføre triks. Du må gjerne presse inn retningsknappane alt du er god for å få karakteren til å ta salto i den retningen du vil. Ofte skjer det ingenting, og du endar opp med å berre hoppe i lufta utan å snu i det heile tatt. Frustrerande? Javisst, veldig frustrerande. Eg er veldig glad for at PSP er ganske solid i konstruksjonen, for opp til fleire gongar har eg prøvd å knekke den i to. Og dette er ikkje noko som blir betre av å få betre ferdigheiter. Ikkje i det heile tatt, problemet er rett og slett at spelet ikkje registerar trykka dine godt nok, og det kan gjere det temmeleg vanskeleg å klare ganske mange baner.

Bruken av PSP si analogstikke er ikkje heilt heldig heller. Om du er i eit løp og skal kome deg raskt ned fjellsida vil du sannsynlegvis få oppleve dårleg respons her og. Gjerne i form av at karakteren din ikkje svingar så godt som han burde. Har du aldri prøvd eit spel i SSX-serien før, kjem du nok ikkje til å reagere sterkt, men om du derimot har gjort det, er dette noko du umiddelbart legg merke til. For å gjere vondt verre er det ein del makabre kameravinklar som pressar seg på i dei verste tenkelege situasjonar. Kanskje er du på veg inn i ein sving, eller gjennom ei hule. Møter du litt oppoverbakke, hender det at kameraet brått kastar på seg og gjer det umogleg å vite kva veg du eigentleg køyrer. Dette er veldig uheldig om du har dårleg tid for å nå mål.

Den dårlegaste idèen så langt
Til slutt over til det eg nemnde innleiingsvis; boost-knappen. Kjære EA: Kvifor finne på ei så absurd dårleg løysing som å putte inn ein "grab" på boost-knappen? Det har absolutt inga hensikt. Sei at du køyrer nedover ein litt humpete bakke. Du held sannsynlegvis inne boost-knappen her sidan du har bygd opp boost-meteret litt. Når du då kjem til ein av desse humpane, finn sjølvsagt karakteren din ut at det er ein god idè å grabbe der. Dei få millisekunda han er i lufta. Og reslutatet? Du krasjar på trynet ned bakken og blir oppgitt, frustrert, og kanskje litt sint om du hadde ein dårleg dag frå før. I staden for å gjere ting lettare, har ting blitt vanskelegare, og du er nødt til å vere forsiktig med å bruke boost. Det er ganske unødvendig og tåpeleg.

Uansett, spelet har sine kvalitetar. Banene er gode, sjølv om dei stort sett er henta frå SSX 3. Ikkje spør meg kvifor dei nye løypene i dei andre versjonane av SSX On Tour ikkje var gode nok. I tillegg ser det bra ut. Grafikken er strøken, og det går i eit flott tempo. Det er berre litt synd at ingen tenkte på å gjere karakterane mindre på skjermen. Slik det har enda opp, er karakteren så pass store at det kan vere vanskeleg å få god sikt i visse område. Det blir med andre ord vanskeleg å tenke raskt, sidan ting av og til er rett under deg før du i det heile tatt såg dei. Musikken er klassisk SSX-stil, men det kunne kanskje ha vore litt fleire låter, sidan du raskt har høyrt alle låtene minst ti gongar.

Konklusjon
Lettare (for å underdrive) skuffa sit eg tilbake. SSX-serien har alltid imponert, og SSX On Tour for dei stasjonære konsollane er eit fabelaktig spel. Dessverre er dette eit heilt anna spel. Eit dårlegare spel, og eit nitrist steg tilbake. Eg vil ikkje gå så langt som å kalle det dårlig, for du kan definitivt ha det moro, men det er vanskeleg å ikkje irritere seg grøn over den elendige responsen du får på knappane. Når det er sagt, spelet er bygd opp på ein måte som kjapt lar deg kome i gong med litt moro, løypene er gode, og det ser bra ut. Uansett er SSX On Tour til PSP eit spel du kun bør skaffe deg om der ikkje er nokon anna utveg, eller om du vil spele litt mot andre (noko vi dessverre ikkje har fått testa). Spring og skaff deg ein av dei andre versjonane i staden.

Siste fra forsiden