(Bilde: Cloud Imperium Games)

Star Citizen håvar framleis inn millionar

Romskipspelet har hatt si sterkaste veke sidan folkefinansieringa starta.

Romskipspelet Star Citizen er utan tvil den største folkefinansieringssuksessen så langt. Spelet frå Wing Commander-skaparen Chris Roberts sette ny rekord i løpet av den opphavelege finansieringsperioden med heile 6,2 millionar dollar, men har helde fram med å sope inn pengar heilt sidan då.

Det blir heftige romkampar i Star Citizen.
Det blir heftige romkampar i Star Citizen.

No har Star Citizen nett hatt si mest innbringande veke så langt. Sidan førre helg har spelet samla inn heile to millionar dollar, nærare bestemt 12 millionar norske kroner.

Med det har spelet nådd ein førebels totalsum på 25 millionar dollar, noko som tilisvarer nesten 150 millionar norske kroner. Det er eit budsjett som kan rivalisere fleire storproduksjonar frå etablerte selskap.

Omfattande testing står for tur

Sidan Roberts Space Industries no har nådd målet på 25 millionar dollar betyr det at vi vil få ein mykje meir omfattande alfatest. Nye ressursar gjer det mogleg for utviklarane å byggje ut infrastrukturen, i tillegg til å opne opp for 50 000 fleire testarar.

Det neste målet på Star Citizen-finansieringsplanen er Banu Merchantman som blir låst opp når spelet har samla inn 27 millionar dollar. Ein Banu Merchantman er ein handelsmenn som reiser rundt i verdsrommet for å drive handel med både menneske og andre skapningar.

Les også: Ny Star Citizen-trailer viser en imponerende spillmotor
Les også: Utelukker ikke Star Citizen til konsoll

 

Kommentarer (28)

Forsiden akkurat nå

Til toppen