Star Citizen vil aldri bli tilpassa konsoll

Rekordhaldaren innan folkefinansiering er og blir eit PC-spel.

Cloud Imperium Games

Star Citizen frå Wing Commander-skaparen Chris Roberts har blitt eit fenomen det siste året. Ingen spel har makta å samle inn like mykje pengar gjennom folkefinansiering, og spelet set nye rekordar heile tida. For berre nokre veker sidan nådde spelet 25 millionar dollar, og akkurat no er dei berre nokre hundre tusen unna 28 millionar.

Målet til Roberts og staben hans er å lage den ultimate romsimulatoren, og eit spel som verkeleg utnyttar PC-plattforma til det fulle. Nyleg blei det oppdaga at ei PlayStation 4-utviklarmaskin hadde dukka opp i kontora til Roberts Space Industries, og dette skapte sterke reaksjonar frå folk som var redde for at spelet ville bli dumma ned grunna ein konsollversjon.

Er og blir eit PC-spel

Det blir spenstige kampar i rommet når Star Citizen lettar.

Reaksjonane frå spelarane har fått Chris Roberts til skrive eit innlegg på forumet sitt der han forklarar situasjonen i tydeleg ordlag:

«Star Citizen er eit PC-spel. Det vil aldri bli dumma ned for ei dårlegare plattform. Vi vil ikkje begrense moglegheitene og kompatibelt utstyr til den lågaste fellesnemnaren. Vi vil ikkje luke bort element og teknologi fordi desse berre vil kunne køyre på enkelte maskinvarekonfigurasjonar.»

Han fortel vidare om korleis han nett har oppgradert kontormaskina, og er i ferd med å byggje ein kraftplugg som blant anna har fire R9 290X-kort frå AMD. Han spør deretter om nokon verkeleg trur Xbox One og PlayStation 4 kan samanliknast med noko slikt.

Roberts utelukkar fullstendig at spelet hans kan dukke opp på Xbox 360 og PlayStation 3, men han ekskluderer likevel ikkje sjansen for at Star Citizen i ein tenkt situasjon kan kome til Xbox One og PlayStation 4. Han stiller derimot følgjande krav for at det skal kunne skje:

«Om plattformeigarane (Sony og Microsoft) tillet oss å oppdatere kode og data utan restriksjonar og motbydeleg tidkrevjande kvalitetskontroll. Om dei tillet samfunnet vårt å kommunisere opent med kvarandre på tvers av plattformene, først då vil eg vurdere å støtte dei.»

Roberts Space Industries jobbar hardt for å gjere Star Citizen til ein maktdemonstrasjon for kva ein kan gjere på kraftige PC-ar. Nyleg slapp dei ein imponerande video som viser kva dei har fått til så langt.

Siste fra forsiden