Star Wars i Kingdom Hearts III?

Vil nøkkelsverd møte lyssabel i seriens avsluttande kapittel?

Under E3-messa i juni kunngjorde etter mange års venting Square Enix Kingdom Hearts III for PlayStation 4 og Xbox One. Det japanske selskapet har kome med nye spel til forskjellige portable format sidan starten for ellevene år sidan, men det førre nummererte spelet er så mykje som åtte år gammalt. Kingdom Hearts III vil bli det siste spelet i hovudserien, sjølv om dette naturlegvis ikkje slår fast at nye sidespel ikkje vil dukke opp

Eit av kjennemerka til serien er at hovudpersonen Sora reiser til forskjellige Disney-verder der han møter mange kjende figurar frå Disneys mangeårige historie. I nyare år har derimot Disney-konsernet samla saman mange eigedommar dei ikkje hadde før i tida. Deriblant finn vi Marvel og Star Wars.

Sora har blitt litt eldre sdan sist.
Sora har blitt litt eldre sdan sist.

Sjefen er klar

Under helgas animemesse Japan Expo i Frankrike gjorde den franske spelsida Finaland eit intervju med Tetsuya Nomura, som er sjefen for heile Kingdom Hearts-serien. På spørsmål om Disney sitt oppkjøp kan bety at vi møter Star Wars-figurar i Kingdom Hearts hadde Nomura følgjande å seie:

«Vi har snakka om Star Wars sidan det blei kjent at Disney hadde kjøpt rettane. Då eg høyrde nyhenda reagerte eg med «Wow! Wow!». Det hadde vore fantastisk om vi kunne inkludere Star Wars, men Disney har mange restriksjonar og reglar på korleis eigedommane deira kan brukast, så vi veit ikkje kva som vil skje enno. Vi får sjå.»

Desse reglane Nomura refererer til er ikkje nødvendigvis fullt så strenge som han ymtar frampå. Til dømes har Angry Birds kome i Star Wars-drakt, og ein absurd Star Wars-invasjon i Club Penguin har nyleg vekt både harme og glede på Internett. Med dette i tankane er det vanskeleg å sjå korleis Disney vil tape ansikt på å la Luke Skywalker dukke opp i eit Kingdom Hearts-spel.

Kva meiner du ei potensiell Star Wars-verd burde bety i Kingdom Hearts III? Gummiskip i kamp mot Tie Fighter og Star Destroyer, eller Chewie og Han som våpenbrør for Sora?

Les også: Sniktitt: Kingdom HEarts HD 1.5 ReMIX
Les også: Anmeldelse: Kingdom Hearts: Birth by Sleep

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen