Anmeldelse

Star Ocean: Till the End of Time

Høstens store eventyr frå Square Enix er eit actionfyllt rollespel der reiser gjennom tid og rom står veldig sentralt. Sjølvsagt er det ei også ein overhengande fare som truar med å øydelegge heile verda.

Side 1
Side 2

Kampsystemet over alle kampsystem? Det viktigaste av alt, når ein skal traske gjennom landskap etter landskap for å redde ein person, eller finne ein gjenstand blir sjølvsagt kampsystemet. I Star Ocean: Till The End of Time har du to typar hovudangrep. Sterkt og svakt. Alle i ein kamp, inkludert gruppa di har eit fury-meter. Når dette er på fullt vil eit svakt angrep føre til at angriparen får skade sjølv, og blir svimeslått for ei kort stund. Ved å bruke kraftig angrep vil du kunne bryte gjennom denne bariera, og gi ganske mykje skade på ein gong. Kraftige angrep er sjølvsagt treigare, og det blir ein del timing der du først knuser barriera med eit eller to kraftige slag, før du hamrar laus med nokre svakare slag. I tillegg får alle karakterane nye ferdigheiter du kan bruke.

I kamp brukar du X og O for å angripe, og du kan legge til to spesialangrep til kvar av desse knappane. Eit angrep for nærkamp, og eit for avstandsangrep. Om ikkje det var nok kan du bygge opp bonusar, der du kan få opp til tre hunder prosent ekstra erfaringspoeng om du gjer ein god jobb. I tillegg kan du avbryte angrep medan du utfører dei for å bygge opp enda sterkare angrep i noko som blir kalla ”cancel bonus”. Det blir etter kvart ein god del å halde kontroll på om du ynskjer å få med deg alt, men det fine er at du kan klare deg veldig fint utan kunne å kampsystemet heilt i detalj. Det viktigaste du må hugse på er eigentleg at du har to linjer du må halde eit godt auge med; HP (helse poeng) og TP (taktiske poeng). Om ei av desse linjene fell til null, vil karakteren dø.

Butikkar? Kva er det? For å overleve i dei etter kvart meir utfordrande kampane er det sjølvsagt nødvendig med utstyr som kan handetere jobben, og her kjem ein anna veldig viktig del av spelet inn i bildet. I Star Ocean: Till The End of Time kan finne opp utstyr sjølv. Du har mange kategoriar, og kan finne opp alt frå helbredande snacks, til våpen med astronomiske krefter. Det geniale med dette er at du i staden for å gå i butikken og kaste vekk tjue tusen grunkar på eit våpen, kan heller bruke litt tid på å finne opp eit betre våpen, til ein fjerdedel av prisen. Om du ikkje skulle vere fornøgd kan du i tillegg ta dine kreasjonar og forske meir på dei, for å gjere dei betre. Eventuelt kan du synthe saman to forskjellige gjenstandar, for å overføre eigenskapar frå den eine til den andre.

Det er litt synd at kvaliteten på musikken varierar i så pass stor grad som den gjer. Det er ein del veldig fin musikk her, som gjer ein temmeleg god jobb i å bearbeide følelsane dine. Dessverre er det tilsynelatande uunngåeleg at ein del absurde jazza funkrytmar frå ei anna verd til tider dukkar opp når det passar som verst. Visse hendingar i spelet kler slike melodiar veldig bra, men alt har jo sin plass. Dette er noko som fører oss over på dialogen, som er ganske merkeleg. Generelt sett gjer skodespelarane ein stabil jobb, utan dei spesielt merkbare høgdepunkta, men det er nokre merkelege val her. I ein seriøs situasjon, kvifor gir du ei dame stemma til eit lite barn på helium? Legg i tillegg på lydeffektar der lyden av nokon som set seg nesten overdøyvar kva som blir sagt, og resultatet blir ikkje heilt kva det gjerne kunne ha vore.

Konklusjon Star Ocean: Till the End of Time er nok ikkje eit mesterverk som vil bli hugsa i lange tider, men det er absolutt god underhaldning. Historia er god nok til å halde deg interessert i dei garantert seksti timane du held på, og kampsystemet kjem på ingen måte til å skremme deg vekk frå kampar. Det er nok å henge seg opp i her til å sløse vekk timar på ganske mykje anna enn kun historia, og dramaturgien er veldig bra. Du får ikkje heile plottet servert umiddelbart, men må vente ei god stund på å finne ut av kva som skjer. Ein del overraskingar blir det og, sjølv om det til tider dukkar opp ein del unødvendige sekvensar. Er du på jakt etter ein skikkeleg godbit i dei mørke høsttimar kan du slappe heilt av, og gå til anskaffelse av Star Ocean: Till the End of Time.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden