StarCraft II får utvida demo

Treng du litt meir å smake på før du kjøper?

Blizzard kan å lage kvalitetsspel som sel i bøtter og spann, men minst like flinke er dei på å lokke folk inn i dei unike og overdimensjonerte universa sine. Frå å køyre ein striks abonnementspolitikk i World of Warcraft har dei til dømes firt på krava slik at alle no kan spele så mykje dei vil heilt gratis, sjølv om ein ikkje får gå over erfaringsnivå 20 med mindre ein pungar ut for eit abonnement.

Sjølv om det no blir gradvis færre som spelar World of Warcraft kvart år, ser det ut til at Blizzard meiner denne politikken fører til meirsal, for no melder Eurogamer at dei har kunngjort noko liknande for StarCraft II: Wings of Liberty.

Dette er farlege vanedannande greier. Speling på eige ansvar!
Dette er farlege vanedannande greier. Speling på eige ansvar!

Den gamle StarCraft II-demoen har fått det nye namnet StarCraft II Starter Edition, og er heilt gratis så lenge du har Internet og ein Battle.net-konto. Du vil få tilgang til fire nivå frå einspelarkampanjen, to utfordringar, samt at du kan spele som Terran i Custom Games og mot maskina.

Her hos Gamer.no var det Marius Jentoftsen som stod for vurderinga då StarCraft II kom ut i fjor, og skal vi tru han (og fleire andre i redaksjonen for den saks skuld) er dette essensiell speling:

– Blizzard ofrar nyskapning og innovasjon for eit kompromisslaust, veldreia og ekstremt godt balansert gameplay som verkelig kjem til sin rett i ein fleirspelardel denne sjangeren aldri har sett maken til. Blizzard bekreftar den gamle floskelen om at dei gamle framleis er eldst, og beviser med StarCraft II at dei er ein av verdas desidert beste spelutviklarar. Ein klassikar!

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen