Steam er lansert for Linux

Valve tek enda eit steg på vegen mot verdsherredøme.

I desember starta Valve ein stor betatest av Steam for Linux. Den har etter alt å døme gått som smurt, for i kveld blei den endelege versjonen av Steam lansert for operativsystemet. Om du vil laste ned klienten, kan du gjere det frå Ubuntu Service Center.

For å feire lanseringa har Valve kutta prisane på over 50 spel med mellom 50% og 70%. Dette salet er gjeldande frå og med i dag, og i ei veke fram til torsdag 21. februar.

Av Valve sine eigne titlar som er tilgjengelege på Linux finn vi Half-Life, Counter Strike 1.6, Counter Strike: Source, og Team Fortress 2. Spelar du Team Fortress 2 på Linux før mars får forresten du ein gratis Linux-maskot.

Linux-versjonen av Steam støttar på lik linje med Windows- og Mac-versjonane Big Picture Mode, som er laga for å gjere navigering i menyane lettare frå sofakroken.

Valve har vist stor iver etter å etablere seg utanfor Windows-plattforma den siste tida. Valve-sjef Gabe Newell har snakka særs negativt om Windows 8, og planar om å lage ein eigen Steamboks basert på Linux gjer det svært tydeleg at selskapet ikkje er interesserte i å vere fastlåste til ei plattform.

Les også: – Halo-spillene kommer ikke til Steam
Les også: Brütal Legend straks ute på Steam

Kommentarer (27)

Forsiden akkurat nå

Til toppen