Steam-maskinene lanserast til hausten

Og Valve har kunngjort Source 2-grafikkmotoren.

Dell

Hausten 2013 avslørte Valve at dei hadde store planar for framtida til PC-plattforma. Selskapet som har vore kjent for å lage spel som Half-Life og Portal, samt å ha bygd opp Steam, verdas største nettbutikk for spel, ville haste seg inn i maskinvarebransjen. Med Steam-maskiner og ein ny handkontroll ville dei saman med ulike samarbeidspartnerar tilby PCar spesialbygde for å køyre spel.

Under Game Developers Conference-messa, som går av stabelen i San Francisco denne veka, har Valve avslørt når vi kan vente oss å få desse maskinene i hende.

Dei første Steam-maskinene vil bli lanserte til hausten, og vil koste omlag like mykje som moderne konsollar, men vil vere kraftigare. Maskinene vil etter kvart kome i ei rekke utgåver, frå relativt billege boksar, til langt dyrare og kraftigare maskiner.

Steam Link lar deg streame frå alle maskinene i heimenettverket.

Samstundes med lanseringa av Steam-maskinene vil Steam-kontrollaren bli lansert. I tillegg introduserer Valve Steam Link. Dette er ein liten boks som vil la deg streame innhald frå alle PCar og Steam-maskiner på eit heimenettverk.

Kva dei ulike produkta frå Valve vil koste i Europa er ikkje kjent, men i USA vil både Steam Link og Steam-kontrollaren koste 49,99 dollar, noko som tilsvarer i underkant av 400 norske kroner.

Ny grafikkmotor på veg

I tillegg til å avsløre når vi kan vente Steam-maskinene har Valve avslørt Source 2-grafikkmotoren. Ingenting har blitt vist frå denne enno, men Valve fortel at den vil bli gratis for utviklarar å bruke. Dette speglar den ferske kunngjeringa frå Epic Games om å gjere Unreal 4-motoren gratis.

Valve fortel at Source 2-motoren ikkje berre er designa for å la utviklarar skru saman spel, men òg for å gjere det lettare for spelarane å delta i utviklinga av spel.

I helga avslørte Valve at dei har slått seg saman med mobilprodusenten HTC for å lage eit eige VR-headsett. Dette vil bli tilgjengeleg for utviklarar i løpet av våren, og for forbrukarane til hausten. I dagens pressemelding fortel Valve at VR-headsettet vil kome med to nye teknologiar; eit VR-kontrollsystem, samt Lighthouse, ein teknologi som vil kunne lese kva som skjer i eit rom.

Siste fra forsiden