Stemmekontroll i Dead Space 3

Om Kinect støvar ned får du bruk for den no.

Det har gått omlag fire år sidan vi for første gong fekk utforske det intense og nifse Dead Space-universet. Mykje har skjedd sidan den gong, og Dead Space 3 får vi eit mykje større fokus på action enn før. Her skal det kjempast mot massive beist og gudane veit kva anna.

Fokus på action er derimot ikkje det einaste som blir nytt i Dead Space 3. For første gong kan du samarbeide med ein annan spelar, og kva effekt dette vil ha på uhygga det første spelet i serien introduserte gjenstår å sjå.

Det kan derimot sjå ut til at vi får ein samarbeidsmodus noko utanom det vanlege. I ei pressemelding skriv EA i dag at Xbox 360-versjonen av Dead Space 3 får etterlengta Kinect-funksjonalitet. Du skal få sleppe å vifte med henda, men når kampen blir intens kan du rope inn kommandoar i staden for å trykkje på ein knapp.

Sånn går det om du får hosteanfall medan du spelar Dead Space 3 med Kinect.

Bruken i praksis ser ut til å vere enkel. Om du brått høyrer over radioen at kompisen din er i trøbbel kan du be spelet vise kvar han er. Eventuelt kan du kaste ut eit stasisfelt, bruke helsepakkar og andre kommandoar berre ved hjelp av stemma di. Alt tyder med andre ord på at Kinect-funksjonaliteten er på plass for å la henda ta seg av den harde jobben medan stemma tek seg av ting som elles kan distrajere. Kommandoane kan brukast både aleine og saman med ein annan spelar.

Vi har kika på spelet eit par gongar, og sjølv om Marius var alt anna enn begeistra, meiner Andrine at det tredje kapitlet i grøssarserien likevel kan fortene sin plass i hylla:

«Dette har potensiale til å bli eit underhaldande og godt tillegg til serien. Alle dei ulike nye tinga som har blitt lagt til gjer at det ikkje helt er Dead Space slik vi kjenner det, men ei utvikling er kanskje nødvendig for å halde ting interessante i lengda. Eg trur nok fans kjem til å plukke det opp uansett, berre for å sjå kva som skjer vidare med Isaac Clarke. Kven veit, kanskje synest dei John Carver er ein interessant type òg?»

Dead Space 3 kjem i sal fro PC, PlayStation 3 og Xbox 360 8. februar.

Les også: Sniktitt: Lost Planet 3 Les også: Gears of War: Judgement får lanseringsdato

Siste fra forsiden