Stemningsfulle Limbo kjem til Vita neste veke

Det nifse plattformspelet er tilbake igjen.

Sommaren 2010 blei prega av lummert mørke då Limbo dukka opp på Xbox Live Arcade. I spelet som utelukkande er presentert i gråtonar styrer du ein liten gut som må kome seg gjennom mange livsfarlege utfordringar.

Her i garden blei det suverent godt motteke. Det var spesielt den bitande stemninga og dei konstante farane verda bydde på som gjorde det til noko heilt spesielt.

Sidan lanseringa på Xbox 360 har Limbo dukka opp på mange ulike plattformer, inkludert PlayStation 3, Windows og Mac. No er det snart klart for atter eit gjensyn med det dystre spelet. Neste veke kjem Limbo til PS Vita, fortel Eurogamer.

Spelet vil bli ei direkte konvertering av orignalen, og vil ikkje by på spesielle Vita-funksjonar som trykking på skjermen. Dette er fordi dei danske utviklarane meiner dette ville bli ein meiningslaus gimmick og spelet fungerer godt slik det er.

Limbo har blitt ein solid suksess for danske Playdead, og spelet har så langt selt over 2,5 millionar kopiar.

Limbo kjem i sal for PS Vita 6. juni.

Les også: Indiebonanza på PlayStation Les også: Sony gikk glipp av Limbo-eksklusivitet

Siste fra forsiden