Stemningsfulle Proteus kjem til PS3 og Vita

Det unike indiespelet utvidar horisonten.

Eit av årets så langt mest unike spel er Proteus. Spelet som knapt kan kallast eit spel sender deg til ei aude øy der ditt viktigaste formål er å vandre rundt medan du tek inn inntrykka. Lyden endrar seg konstant, musikken glir saman i ulike harmoniar, og det heile er presentert gjennom ein svært retroinspirert stil med store pikslar og enkle fargar.

Spelet har så langt berre vore tilgjengeleg på Windows-maskiner og Mac, men tek no steget ut i konsollverda. Hos Eurogamer kan vi lese at utviklarane Curve Studios har kunngjort at spelet kjem til PlayStation 3 og PS Vita.

Proteus er noko for seg sjølv.
Proteus er noko for seg sjølv.

Haustslepp

Proteus kjem i sal til hausten, og vil bli eit Cross-Buy-spel, noko som i praksis betyr at om du kjøper spelet på ei av plattformene, får du tilgang til det på den andre òg.

Hos oss va eventyrlystne Espen Jansen heilt forelska i Proteus då det blei tilgjengeleg tidlegare i år, og han hadde berre lovord å seie om spelet:

«Det kan bli litt for diffust og vagt for enkelte, og om du heller vil skyte i stykke romvesen i eit framandt og kjølig isaude har eg full forståing for det. Berre vit at du går glipp av nokon av dei mest fantastiske spelaugneblikka du har vore vitne til på lenge, i det som utvilsamt vil fortsette å vere ein stad i alle fall eg vil vende tilbake til i mange, mange år framover.»

Les også: Anmeldelse: Miasmata
Les også: Kan du lykkes som grevling?

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen