Stjernespekka galskap i The Expendabros

Om du har biceps av stål har The Expendables 3 og Broforce ei gåve til deg.

Om kvart bein og ledd i kroppen din skrik macho og bro for kvar rørsle du gjer, har du garantert innleia eit forhold til det absurde og eksplosive retrospelet Broforce. I dette spelet om broderleg kjærleik tek du på deg rolla som ein beinhard machoman, finn deg eit våpen, og gyv laus på fiendar i øydeleggbare miljø.

Barske machomenn på tokt

Trent Broser er ein av dei sju våpenglade heltane i The Expendabros.

I samband med lanseringa av actionfilmen Expendables 3, ein film som atter ein gong samlar ei lang liste kjende og kjære actionheltar frå 80-talet og oppover, har utviklarane av Broforce kokt saman gratisspelet The Expendabros. I dette spelet får vi gli barskt inn i rolla som vaskekte actionheltar som Broney Ross, Bro Christmas og Trent Broser.

Vi får ta på oss rolla som sju heltar baserte på figurane frå filmen. Kvar helt vil by på ulike våpen og spesialangrep. Som i Broforce vil opp til fire spelarar kunne spele saman på same skjerm.

Spelet følgjer historia i The Expendables 3-filmen, og sender The Expendabros-gjengen ut på ei jakt etter våpenhandlaren Conrad Stonebanks i aust-Europas skogar. Du vil få bryne deg på ti eksplosive oppdrag gjennom det som etter alt sannsyn blir eit hav av fiendar.

The Expendabros er tilgjengeleg via Steam heilt gratis, og du vil kunne laste det ned fram til slutten av året.

Om du treng enda litt meir machogalskap etter å ha runda The Expendabros, kan du sjekke ut 80-talshyllesten Far Cry 3: Blood Dragon.

Siste fra forsiden