Stjernespekka rolleliste i The Elder Scrolls Online

John Cleese, Bill Nighy og Kate Beckinsale er nokre av skodespelarane som vitjar Tamriel.

Det er på ingen måte uvanleg for spelutviklarar å hyre inn kjende skodespelarar for å ta på seg roller som figurane du møter. John Cleese dukka til dømes opp i Fable III, og Robert Carlyle har gjort ein solid jobb som Gabriel i Castlevania: Lords of Shadow, og vil snart dukke opp igjen i oppfølgjaren.

Nettopp John Cleese er førstemann ut på lista over dei kjende skodespelarane som dukkar opp i The Elder Scrolls Online. Bethesda har i kveld sendt ut ei pressemelding der dei gjennom ein video viser dei aller største namna på lista, og det er ei temmeleg solid liste.

Profetar og galningar

Stjernespekka rolleliste. (Foto: Bethesda).

Cleese tek på seg rolla som Caldwell, ei gal og tapt sjel som ikkje er redd for nokon eller noko. Ein jobb som burde passe godt for Monty Python-veteranen. Ein annan etablert britisk skodespelar som dukkar opp i spelet er Bill Nighy som spelar konge. Kate Beckinsale som mange kjenner for Underworld-filmane dukkar opp som Ayrenn, høgalvanes dronning.

Dette er berre starten på lista som blir fylt ut av kjende namn som Alfred Molina i rolla som ein gammal magikar, Harry Potter-veteran Michael Gambon i rolla som ein blind profet, samt A Clockwork Orange-veteran Malcolm McDowell i rolla som den store, stygge daedriske guden Molag Bal.

I tillegg til desse namna gjentek Lynda Carter rolla si som den daedriske prinsessa Azura frå Skyrim, medan svenske Peter Stormare og dei etablerte stemmeskodespelarane Jennifer Hale, Jim Ward og Kevin Michael Richardson fyller ut lista.

Om du har lyst til å lese litt meir om The Elder Scrolls Online kan du ta ein kikk på vår sniktitt frå i fjor.

Siste fra forsiden