Anmeldelse

Stolen

Når dei første minutta av eit spel gir deg blanda kjensler, ein miks av sinne, raseri, aggresjon, og ikkje minst, frustrasjon, er det lett å ende opp med å måtte kjøpe nye kontrollar, eller eventuelt ny PC-skjerm. Det er heilt utruleg eigentleg , at eit spel kan vise så mange manglar og elendige design på så kort tid. Kva var det første som skjedde då eg endelig, etter mykje om og men, fekk i gong PC-versjonen av Stolen? Fullstendig systemkrasj, noko som viste seg å vere tilfelle på to vidt forskjellige maskiner, og det blei ikkje akkurat betre. Å navigere blant menyane er som å gå på stylter gjennom tre meter tjukk snø, sidan musa bevegar seg i eit tempo kun ei snigle ville sett opp til.

Det blir raskt tydeleg at dette er eit spel meint for konsollane, og at PC-versjonen ikkje er vidare gjennomtenkt. Dette er noko som også blir svært tydeleg så snart ein går i gong med spelet. Det er eigentleg ikkje spesielt bra i noko format, men på PlayStation 2 det er mykje lettare å faktisk vere klar over kva retning hovudpersonen går i. På PC-versjonen går kameraet berserk så snart du vågar å ta i musa, og det hjalp i alle fall ikkje hos meg å skru ned farten på musa. Litt dårleg programmering kanskje? Vel, ikkje forvent deg ei patch for å ordne på det, Blue 52 som står bak spelet, har stengt sine dører, og alle former for oppdateringar er nok temmeleg utelukka.

Sett det før, gjort det før
Sjølve spelet er eigentleg eit ganske typisk snikespel som ikkje prøvar å bryte nokre grenser. Den einaste store forskjellen er at du i motsetning til spel som Splinter Cell og Metal Gear Solid, er ei kvinne, i staden for ein barsk mann med stemma til ein sigarrøykande alkoholikar. Samtidig er ikkje Anya Romanov akkurat ute etter å redde verda. Ho er heller ute etter å robbe den for alt den inneheld av verdisaker. Du skjønar kanskje no kva spelet går ut på. Du skal infiltrere godt bevokta museum og andre bygningar som inneheld det du måtte vere ute etter. Noko av det viktigaste i denne prosessen er å halde seg i skuggane, og for all del unngå å bli oppdaga. Om alarmen går har du banalt lite å forsvare deg med, og det tar veldig lang tid før alarmen blir slått av, og du kan fortsette arbeidet.

Om alarmen først skulle gå, sliter du. Stolen har eit elendig kampsystem der du kun trykker på ein knapp til du kanskje er heldig nok til å slå ned vakta du har hamna i konflikt med. Det er ikkje i hovudsak trykkinga på ein knapp som er problemet, men heller det at du stoppar opp og slår ut i lause lufta om du ikkje er nær nok, noko du sjeldan er. Det er veldig lett å ende opp med å slå rett ut i lause lufta, kun ei hårsbreidd frå fienden din, medan dei tydelegvis ikkje har noko problem med å treffe deg. Du kan heller ikkje drepe nokon, noko som eigentleg er forståeleg sidan du skal operere i det skjulte, men det hadde definitivt ikkje gjort noko med bedøvingspistol eller liknande. Å bli straffa for å ikkje greie å halde seg skjult i eit spel der det er umogleg å ikkje bli oppdaga, fungerar for Stolen som å grave si eiga grav.

Unødvendige feil og manglar
Samtidig oppstår det ein del direkte snåle situasjonar. Nokre gongar ser vaktene deg på lang avstand, andre gongar kan dei stå rett under deg medan dei peikar lommelykta i din retning utan å ane at du er der. Sjølv om dei står og ser direkte på deg, betyr det ikkje at dei faktisk reagerar og slår alarm. I Stolen avhenger alt av kvar i skuggane du er. Du har ei linje som brukar fargekodar for å vise kor godt synleg du er. Er linja heilt vekke, er du usynleg. Det er eit ufullstendig system som av og til lar seg brutalt utnytte, nokre gongar fungerar det heilt glimrande, men av og til blir det umogleg for deg å gjere noko som helst. Nokre gongar kan du bli sett gjennom veggar, andre gongar kan du banke ei vakt, medan ei anna står og ser på. Hadde det ikkje vore for at han manglar popkorn og øl, kunne ein nesten tru han fann det underhaldande.

Det er i hovudsak dei små feila i spelet som blir fatale. Dei er så banale at det er eit under ingen har luka dei ut. Hadde det ikkje vore for dette hadde spelet kanskje vore i stad til å hevde seg litt betre blant konkurrentane. Dei gongane spelet fungerar, kan det vere fabelaktig nervepirrande. Det er nokre interessante verktøy du kan bruke, og dei fleste kan bli veldig nyttige. Du har til dømes ein sonar du kan bruke til å "sjå" lyd gjennom dører. Dette blir eit viktig verktøy om du vil unngå å opne ei dør berre for å stå ansikt til ansikt med ei vakt. Eit anna svært nyttig verktøy er ein pistol du kan bruke til øydelegge lamper med. For ei dame som helst skal halde seg usett, er dette midt i blinken. Dessverre er det kun visse lamper denne pistolen fungerar på, noko som igjen viser ein mangel på gjennomtenkt speldesign.

Stolen Windows

Stolen PS2

Stolen Windows Windows PS2 GC Xbox

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Ikke fastsatt
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Hip Interactive
  • Utvikler: Blue 52

Stolen PS2 PS2 GC Xbox Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Ikke fastsatt
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: Hip Interactive
  • Utvikler: Blue 52

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen