Anmeldelse

Stolen

Det er vel på tide at det dukkar opp eit snikespel med ei kvinne i hovudrolla, men det er nok kanskje like greit å vente på Starcraft: Ghost.

Side 1
Side 2

Det skal ikkje vere enkelt Ein anna litt unødvendig detalj er at du må skyte sporingspiler for å kunne sjå synsfeltet til vaktene. Om du brukar desse pilene vil du kunne sjå kor langt dei ser, på eit lite kart nede i høgre hjørne. Denne delen av spelet framstår eigentleg berre som eit meiningslaust forsøk på å gjere spelet litt meir utfordrande. Du har heller aldri nok av desse pilene, sidan du raskt går tom om du vil ha full oversikt. Ammunisjon til forskjellige verktøy plukkar du opp på dei merkelegaste stadar, og gjer det heile enda litt mindre truverdig.

Stolen har absolutt nokre vellukka element, men det er vanskeleg å trekke dei fram utan at ein negativ kommentar snik seg inn. Sannheita er at omtrent ingenting i spelet er fullstendig gjennomført. Er du heldig kan du ha det heilt strålande i kanskje opptil ein time, medan andre vil oppleve den same tida direkte uhaldbar. Det kjem veldig an på om spelet bestemmer seg for å verke fornuftig eller ikkje. Ta til dømes vaktene som står under deg og ser på deg utan å slå alarm. Hoppar du ned, ser dei deg og spolerar alle ynskje du måtte ha om å forbli usett. Om du ikkje hoppar ned kan du la spelet stå på over natta, og vakta står der framleis. Om vakta ikkje hadde stoppa akkurat der, kunne du ha kost deg med å snike deg langs veggande, hoppe opp på takbjelkar, og fryde deg over at museumet aldri kjem til å vite kva som slo det.

Visse lyspunkt I slike situasjonar er Stolen akkurat det spelet set ut for å vere. Eit intenst snikespel med ypparleg bruk av lys, skugge og lyd. Dessverre er det sjeldan ein får oppleve dette slik det er meint å vere. Det er for mange feil i spelet til at det lar seg gjere. Ein blir nesten litt sint, og kjenner seg snytt for det som kunna ha vore ei flott oppleving. Tilbake sit ein, og må støtte seg på dei delane av spelet som held det ein blir lova. Som til dømes måten du opnar låste dører på, og korleis du kan hacke deg inn i datasystem. Ved å setje saman forskjellige mønster (sjå for deg små utsnitt av ein nøkkel), vil du kunne opne døra. For å hacke eit datasystem må du gjenta rekkefølgja ein serie boksar flyttar seg på skjermen.

Ingenting av dette stoppar tida, noko som gjer det til ein ganske spanande del av spelet. Enten må du prøve å vere så raskt som mogleg, eller du må gjere ein grundig jobb på førehand, slik at ingen ser deg. Dette kan til dømes vere ved å fjerne det du kan av belysning. Sjølv om du kan feste søkarar på vaktene, er det ikkje alltid nødvendig sidan Stolen framstiller lys og skugge på ein god måte. Du kan for det meste sjå sjølv om du er synleg eller ikkje. Dessverre blir ikkje stemninga komplett, sidan synsfeltet til vaktene ikkje alltid heilt samsvarar med noko som helst. Hadde alt fungert som det skulle, kunne denne delen av spelet moglegvis rivalisert mektige Splinter Cell, men det er nok noko vi aldri vil finne ut av.

Sjølv om lys og skugge ser bra ut i Stolen, er det lett å få ei kjensle av at alt er bygd opp av glatt plast. Ting som ikkje burde glinse, kunne ha reflektert lys betre enn eit speil. Det er ikkje alt som ber preg av dette, men når huda på ein arm ser ut som om den tilhøyrer T1000, er det vanskeleg å bli overbevist. Bildeoppdateringa kan også bli eit problem, men først og fremst på PC. Ting kan tyde på at programmeringa ikkje akkurat er av første klasse, og sjølv om høg oppløysning ikkje nødvendigvis imponerar, kan du ikkje sjå vekk frå at sjansen er stor for at det blir ei oppleving full av hakking.

Konklusjon Eit tidvis glimrande spel blir brutalt øydelagt av ukritisk programmering. Har vi sett dette før? Ja, definitivt, men for ein gongs skuld er det frykteleg lite håp for at nokon skal kunne rette opp i det. At utviklarane av eit spel stenger dørene før prosjektet deira i det heile tatt har nådd butikkane, er ikkje eit godt teikn. Det er godt mogleg at Stolen er så pass ufullstendig som det er fordi Blue 52 rett og slett ikkje kunne gjere det ferdig. Ein trist situasjon kanskje, men i slike tilfelle er det kanskje betre å kansellere eit spel, enn å gi det ut slik det er no. Hadde Blue 52 fått litt meir tid på seg med Stolen, luka ut problema og bytta ut kampsystemet, kunne Stolen blitt eit spel å sjå opp for. Den gong ei, det beste du kan gjere er å sjå ned, og gå raskt forbi.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden