(Bilde: Lucid Games)

Store mengder gratis innhald til Geometry Wars 3

Den fargerike stikkeskytaren får ei solid dose nytt ekstrainnhald denne månaden.

Det tredje spelet i den fargesprakande stikkeskytarserien Geometry Wars blei lansert i haust. Nytt i Geometry Wars 3: Dimensions var at dei tidlegare todimensjonale spela no bydde på geometriske kampar i ei rekke tredimensjonale miljø, medan gameplayet frå dei tidlegare spela likevel var til stades.

I ei pressemelding tysdag fortel Sierra at ei ny og omfattande oppdatering er på veg til Geometry Wars 3. Den nye oppdateringa vil nesten doble innhaldet i spelet, og vil omdøype det til Geometry Wars 3: Dimensions Evolved. Oppdateringa vil bli lansert 31. mars på PC, PlayStation 4 og PlayStation 3, samt Xbox One og Xbox 360 1. april, og vil bli heilt gratis.

Ekstra finpuss og innhald

Meir fargesprakande galskap er på veg til Geometry Wars 3.
Meir fargesprakande galskap er på veg til Geometry Wars 3. Bilde: Lucid Games

Den nye oppdateringa vil by på heile 40 nye nivå til Adventure-modusen. Blant desse vil det kome nye speltypar, sjefskampar samt ei ny drone og ein ny supereigenskap.

Ved sidan av dette har utviklarane hos Lucid Games gjort nokre endringar på grunnspelet. Progressjonssystemet har blitt finjustert litt slik at det vil bli lettare å kome seg vidare i spelet. Ein ny Hardcore-modus vil bli tilgjengeleg for ekstra hardbalne spelarar.

Dei som eventuelt skulle ynskje å spele saman med nokon ser ikkje ut til å få noko ekstra i denne omgang. Spelet vil framleis by på ein noko fattig samarbeidsmodus med berre ei handfull nivå.

Geometry Wars-serien blei i si tid skapt av Bizarre Creations, eit studio mest kjent for sin Project Gotham Racing-serie. Det studioet blei både kjøpt opp og lagt ned av Activision. Ei rekke tidlegare Bizarre Creations-tilsette stifta etter kvart studioet Lucid Games, og det er dei som har fått ansvaret med å ta Geometry Wars-serien vidare.

 

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen