Street Fighter 5 er kunngjort for PlayStation 4 og PC

Capcoms kampkjemper slår frå seg denne generasjonen òg.

Leksasjar er på ingen måte noko nytt i spelbransjen, og med jamne mellomrom blir nye titlar avslørte før den offisielle lanseringa. Siste i rekka er Street Fighter 5, som ein brukar på nettforumet Neogaf avslørte i dag. I motsetning til fleire andre lekasjar og rykter, har vi i Street Fighter 5s høve fått ein heil teaser trailer som fjernar det som måtte finnest av tvil om kor ekte spelet er. Traileren dukkar først opp på Youtube, men blei seinare fjerna.

Det mest oppsiktsvekkjande med avsløringa er strengt tatt ikkje at Street Fighter 5 er på veg, men i staden kva plattformer det kjem til. Sjølv om Street Fighter 4-spela til Capcom har gjort det godt på Xbox 360, ser det ut til at Street Fighter 5 berre kjem til PlayStation 4 og PC.

Dett bør ein likevel ta med ei ørlita klype salt. Traileren er japansk, og det er ikkje uvanleg at japanske utviklarar kunngjer eit spel for PlayStation og PC, før dei seinare inkluderer Xbox når kunngjeringa finn stad i vestlege land.

Offisiell kunngjering i natt?

Street Fighter 5 er på veg til PlayStation 4 og PC.

Det er godt mogleg den fulle avsløringa vil finne stad i natt, norsk tid, når prisutdelinga The Game Awards sendast direkte over heile verda. Denne arvtakaren til Video Game Awards lovar å by på mange store kunngjeringar, og Street Fighter 5 er godt mogleg ei av dei. Ei anna moglegheit er at traileren er laga for PlayStattion Experience som går av stabelen i Las Vegas i morgon.

Utover kva plattformer Street Fighter 5 kjem til, har vi ikkje fått noko anna informasjon. Det einaste vi veit så langt er at dei gamle travarane Ryu og Chun-Li er med, samt at Capcom held seg til den visuelle stilen frå Street Fighter 4, sjølv om det heile har fått seg eit merkbart grafisk løft. Når lanseringa vil finne stad må vi òg vente med å finne ut.

Street Fighter-fans bør få med seg Street Fighter-webserien som blei lansert seint i vår. Den blei så populær at ein oppfølgjarserie allereie er under produksjon.

Siste fra forsiden