Street Fighter blir TV-serie

Gjengen bak YouTube-fenomenet Street Fighter: Legacy treng hjelp.

For tre år sidan skapte kortfilmen Street Fighter: Legacy mykje oppstuss. Denne filmen frå Street Fighter-elskarane Joey Ansah og Christian Howard viste oss korleis dei to filmskaparane meinte ein Street Fighter-film burde sjå ut. I filmen fekk vi sjå ein kamp mellom Ruy og Ken, full av spesialeffekter og dårleg hår.

I fjor sikra duen seg rettane til å lage ein Street Fighter-serie. Eitt år seinare er dei klare til å snakke om kva dei har jobba med. Planen er å lage ein miniserie basert på Street Fighter-spela. Det heile vil ta føre seg opphavet til fleire personar frå serien, og då spesielt Ruy og Ken.

Produksjonen har allereie sikra seg ein del finansiell støtte, men for å kunne gå i gong med filming til sommaren slik at serien kan bli klar for publikum til vinteren, treng dei meir pengar. Difor har dei lansert ein Kickstarter-kampanje med håp om å samle inn 625 000 pund.

Manuskriptet er ferdig, teamet har reist over heile verda for å finne riktige lokasjonar å filme på, og dei har funne skodespelarar til alle rollene. Nøyaktig kven desse skodespelarane er, har ikkje filmskaparane sagt noko om enno, med eitt unntak: Togo Igawa. Denne erfarne japanske skodespelaren har i tillegg til å ha gjort stemmearbeid i mange spel, hatt roller i filmar som Memoirs of a Geisha og The Last Samurai. Snart blir han å sjå i den komande Keanu Reeves filmen 47 Ronin.

Av spesiell interesse for film- og spelfans som ikkje likar at underhaldninga deira blir lokalisert, kan Ansah og Howard opplyse om at serien blir multispråkleg. Dette gjer dei for å halde seg tru mot dei ulike områda i verda serien vil utspele seg.

Les også: Slåssespillet som definerte sjangeren Les også: Nedgangstid for slåssespela

Siste fra forsiden