Street Fighter-webserien er lansert

No kan du sjå den filmatiserte opphavshistoria til Ryu og Ken på Machinima.

I fjor fyrte filmskaparane Christian Howard og Jeoy Ansah av ein noko spesiell Kickstarter-kampanje. Med Capcoms velsigning ville dei filmatisere historia om Street Fighter-heltane Ryu og Ken, og korleis dei enda opp med å bli dei populære kamphanane dei er den dag i dag. Prosjektet som fekk namnet Street Fighter: Assassin's Fist skulle delast opp i episodar.

Kickstarter-kampanjen blei avblåst etter kort tid fordi filmskaparane sikra seg finansiering frå andre stadar. Litt over eit år seinare er serien lansert på Machinima. Street Fighter: Assassin's Fist er delt opp i 13 episodar i tillegg til ein kort prolog. Episodane er på rundt 12-13 minuttar kvar, noko som etter kvart har blitt standarden for fleire Machinima-seriar.

Opphavshistorie

Ken, Ryu og trenaren deira Gouken i ei scene frå Street Fighter: Assassin's Fist.

Street Fighter har blitt filmatisert før. Seinast i langt frå populære Street Fighter: The Legend of Chun-Li. Mange hugsar i tillegg med gru Street Fighter frå 1994 med Jean-Claude Van Damme i hovudrolla. Filmen fekk velfortent slakt over heile fjøla, og sjølv om den til dels viste serien respekt ved å inkludere dei fleste heltane slik dei framstår i spela, blei det godt mogleg hakket for mange personar å halde styr på.

Street Fighter: Assassin's Fist strippar i staden ned rollelista, og fokuserer på Ryu og Ken. Vi møter altså ikkje populære krigarar som til dømes Chun-Li, Vega og Blanka. Om Assassin's Fist blir ein suksess, skal vi derimot ikkje sjå bort ifrå at serien får ein ny sesong.

Med Street Fighter: Assassin's Fist føyer Street Fighter-serien seg inn i rekka med spel som i nyare år har fått webseriar. I 2011 blei Mortal Kombat: Legacy lansert på Machinima, og før lanseringa av Halo 4 i 2012 fekk vi Halo-serien Forward Unto Dawn.

Du kan sjå prologen og første episode av Street Fighter: Assassin's Fist nedanfor. Kva meiner du om det ferskaste forsøket på å filmatisere slåssespelserien? Er det håp for Capcoms kampheltar i filmformat?

Siste fra forsiden