Stridsvognene stormar Xbox One

World of Tanks går til krig på ny plattform seinare i år.

Det populære stridsvognspelet World of Tanks kjem til Xbox One seinare i år. Det avslører Wargaming.net i ei pressemelding. Den nye versjonen vil by på nøyaktig det same spelet, om enn i ei noko penare innpakning.

For dei som allereie er aktive World of Tanks-spelarar på Xbox 360 kan Wargaming.net freiste med at Xbox One-versjonen er kompitabel med førre generasjon og spelarar vil kunne spele på tvers av konsollane. Samstundes vil du kunne ta med deg kontoen din og alt innhald vidare til Xbox One.

Xbox One-versjonen vil lanserast i år, men når har ikkje Wargaming.net sagt noko om.

Populært MMO

World of Tanks er eit enormt populært MMO som starta sitt liv på PC før det i fjor blei lansert på Xbox 360. I fjor kunne Wargaming.net skryte over at dei hadde nådd massive 100 millionar registrerte spelarar på tvers av plattformene spelet er lansert på.

Då vi kika på Xbox 360-versjonen i fjor meinte spelet absolutt var verdt ein kikk, sjølv om det ikkje heilt nådde opp til PC-versjonen:

«World of Tanks: Xbox 360 Edition gjer fenomenet World of Tanks tilgjengeleg for eit breiare publikum, og beheld kjernemekanismane frå PC-versjonen. Spelet kan dermed skilte med lettilgjengelege og spanande fleirspelarkampar og skyhøg berree-ei-runde-til-faktor.»

Suksessen til World of Tankes har fått andre utviklarar til å strekke seg etter stridsvognkaka. I fjor avslørte rollespelveteranane hos Obsidian Enterteinment at dei jobba med det svært liknande spelet Armored Warfare.

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen