Anmeldelse

Sudeki

Så har den viktigaste høsten for Xbox tjuvstarta. I løpet av dei neste månadane kjem endeleg dei spela du har sett, lest om, og høyrt mange fantastiske ting om. Sudeki er eit av desse.

Side 1
Side 2
Side 3

Det heile byrja som "Final Fantasy til Xbox". Etter det byrja det å skje ting. Vi fekk høyre meir og meir om kampsystemet som etter planen skal imponere oss stort. Etter kvart kunne det verke som om fleire og fleire Final Fantasy-element forsvann, medan ein del action- og plattform-element dukka opp. Dette er ikkje Final Fantasy, langt ifrå. Det følest meir som ein kveld med Dungeons & Dragons. Ei gruppe eventyrarar på heisatur gjennom fantastiske område, sjølvsagt med ein banal historie klistra på som ei unnskyldning for framdrift.

Eventyr i A4-format Historia byrjar med Tal, ein soldat i den kongelege hær, og ikkje ein spesielt populær soldat heller. Generalen er faren hans, og Tal får skylda for det meste som kan gå gale. Seinar møter Tal prinsessa Ailish, kattekvinna Buki, og ingeniøren Elco. Saman må dei stoppe dei invaderande hærene med Aklorianarar; monster i alle former og storleikar. Av og til får vi visse innblikk i fortida til karakterane, og alt blir brått meir interessant. Tal sitt forhold med faren, elco si fortid, det har ikkje potensiale for stor dramatisk literatur, men det kunne blitt bra med litt ekstra fokus. Slik det har enda opp får ein brått vite ting i små bruddstykker og blir nesten litt paff, undrande på kva det var som nettopp skjedde.

Dessverre blir det med litt informasjon no og då. Vi får aldri eigentleg svar på alle spørsmål som blir stilt, og det kan ha samanheng med at som rollespel, er ikkje Sudeki så veldig omfattande. Du kan spele det i rundt 20 timar før du er ferdig. På denne tida reiser du frå vakre og fruktbare Haskilia, til mørke og dystre Akloria. Heile tida på jakt etter krystallar Elco må bruke for å bygge eit beskyttande skjold som etter planen skal beskytte Haskilia mot sine fiendar.

Underhaldande kamp? I eit rollespel? Som eg sa tidlegare følest Sudeki mest som ein heisatur. Er det negativt? Nei, absolutt ikkje. Det er få store eventyrspel som er så underhaldande når det kjem til kamp. Ofte er det først og fremst neste filmsnytt eller bit av historia du gledar deg til når du spelar eventyrspel. Her er det fullstendig omvendt. Historia er heller uinteressant, men eit kreativt og høgt underhaldande kampsystem driv deg vidare. Kjerna til kampsystemet ligg i spesialangrep. Kvar av dei fire heltane kan få seks kvar. Desse varierar frå beskyttande skjold, helbreding, til virvelvind-angrep som slår ut det meste av fiendar. Det beste må uansett vere når Elco gjer all negativ magi gruppa har fått på seg om til positiv.

For å velje spesialangrep må ein inn på kampmenyen som dukkar opp på venstre side av skjermen ved eit trykk på Y. Denne sakkar farten på spelet ned betrakteleg, men kunne like gjerne stoppa alt heilt. I visse situasjonar blir du angripen medan du prøvar å utføre noko, men for det meste blir det aldri eit problem. På denne menyen kan du velje spesialangrep, gjenstandar du vil bruke, og å justere A.I. instillingane på gruppa. Å bestemme oppførselen til gruppa er ei litt begrensa affere. Du kan kun velje mellom tre ting; angrep, forsvar og å halde seg unna all kamp. Ein kombinasjon av angrep og forsvar hadde vore fint.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden