Anmeldelse

Sudeki

Så har den viktigaste høsten for Xbox tjuvstarta. I løpet av dei neste månadane kjem endeleg dei spela du har sett, lest om, og høyrt mange fantastiske ting om. Sudeki er eit av desse.

Side 1
Side 2
Side 3

Storslagen grafikk Nettopp derfor blir det ganske surrealistisk når resten av Sudeki er usedvanleg flott å sjå på. Du bryr deg kanskje ikkje stort om persongalleriet, men områda du besøker? Du får forferdeleg lyst til å reise tilbake. Sjølv om den er god, er det ikkje den grafiske motoren som får dette til å skje. Det er den openbare kjærleiken som er lagd ned i å skape harmoni i visse område, og lidelse i andre. Det er gjort med enorm presisjon. Ta ein liten by ved namn 'New Brightwater' som eit eksempel. På veg dit går du forbi eit par åkrar og jorder, før du kjem til hamnelandsbyen. Alt er lyst og innbydande, sommarfuglar flaksar i lufta, og ein kan til og med sjå ein liten regnboge over eit fossefall. Det er så forseggjort at ein blir ståande og måpe, og det er først og fremst dei små og ubetydelege detaljane som får det til å skje.

I same sjarmerande stil som dei makabert søte landsbyane, er musikken ein viktig atmosefærisk ingrediens. Det varierar mellom symfonisk, elektronisk, og akustisk. Musikken er på ein veldig bra måte sett inn på akkurat rett stad. Du tenker enkelt og greit ikkje over det med ein gong, men brått merkar du den vakre melodien, og ser sommarfuglen som rytmisk hoppar bortetter den lille elva, og du ser for deg korleis alle brått bryt ut i spontan song. Ja, i nokre få område kjem du til å nynne, eg kan garantere det. Sudeki er kanskje ikkje ein musikal, men om Disney hadde stått ved styrespakane hadde nok situasjonen vore ein anna.

God lyd, men laber dialog Saman med musikken vil du også finne svært bra surround-lyd. Går du til dømes gjennom hovudstaden Illumina kan du høyre kjøpmenn på marknaden rope ut om den ferske fisken sin, ein hund spring forbi, og ungar som leikar med kvarandre. For ein gongs skuld får du faktisk følelsen av å vere i ein skikkeleg by, og her er beviset på at jo, lyd er viktig. Kanskje ikkje for spelbarheita, men det blir noko anna å gå forbi eit lite vann når ein kan høyre lydane frå vatnet, og nokre fuglar som skrik bak deg, enn å gå forbi medan du ikkje høyrer noko anna enn lyden frå fotstega dine.

Atter ein gong er det jo sjølvsagt noko som trekk ned, og dessverre er det dialogen som kjem som det store smertesskriket. Sjølv om hovudpersonane godt kunne vore betre, er det ikkje dei som er det største problemet. Det er resten av befolkninga som bringer fram krampetrekningane. Mange, og eg meinar forferdeleg mange, av dei sivile bebyggarane i Sudeki har fått stemma si frå same person, og ja, du høyrer det forferdeleg godt. Det tar ikkje long tid å innsjå at ein kan telje på ei hand kor mange som har gitt stemmer til dei mindre viktige karakterane. Dette er ekstra synd sidan all dialog i spelet blir framført, og det er ein del forskjellige personar ute og går. Det hederlege unntaket kjem i form av Tom Baker som leverer linjene til ein gud som dukkar opp med jamne mellomrom.

Konklusjon Sudeki er, trass sine feil og manglar, eit hyggeleg spel. Det har fine område, ei akseptabel historie, og eit veldig engasjerande kampsystem. Likevel er det ein tanke som ofte dukkar opp: "tenk om". Dette i seg sjølv er nok til å innsjå at alt ikkje er som det burde. Tenk om karakterane var betre definerte. Tenk om Climax hadde brukte meir tid på å få menneska litt meir karismatiske. Tenk om kampsystemet hadde enda fleire moglegheiter. Tenk om eigenskapane til dei fire heltane hadde vore utnytta betre, tenk om... Det blir etter kvart mange "tenk om", og dessverre byrjar dei å overskugge alle dei positive sidene. Den nydelege grafikken, den vakre musikken, og kampsystemet. La oss håpe at Climax perfeksjonerar alt dette om dei bestemmer seg for å lage ein oppfølgjar, for dei er på sporet av noko her. Sudeki er eit bra spel, men det kunne blitt så mykje meir.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden