Anmeldelse

Suikoden IV

Har du nokon gong tenkt på å lage spel sjølv? Har du sett eit spel, og tenkt kor mykje betre du kunne ha gjort det? Du kjem til å tenke den tanken ofte om du spelar Suikoden IV, tru meg.

Side 1
Side 2

Av og til dukkar det opp eventyr som på utsida ser ut som ein draum. Grafikken er fin og koselig, historia er kanonbra, og det lovar velig bra. Kva er det då som går gale? Kvifor endar det ikkje opp som noko meir enn kva ytterst få vil hugse nokre år frå no? Det ligg litt i kva du krev av eit spel. Suikoden IV tviheld på gamle skikkar som ein desperat sjørøvar klamrar seg til ein planke på det opne hav. Det vil gjere alt på gamlemåten, og for nokre er nok det eit absolutt himmelrike, men det hindrar spelet i å skilje seg merkbart ut i nokon retning. Det er verken bra eller dårleg, det er greit, heilt greit.

Som eit minne om gamle dagar startar du med å namngi karakteren din. Det er ein mann forresten, sjølv om det ikkje ser slik, så ikkje begå same feil som meg. Ein barsk pirat med namn Rose, får ikkje folk til å skjelve i buksene. Du er ein ung og aspirerande krigar frå Gaien, og er snart klar for å ta imot tittelen som fullkomen ridder. Alt er fryd og gammen før fryktelege ting skjer. Du og ein god ven blir sendt ut på eit oppdrag, og møter ein sjørøvar som har blitt forbanna med ein runestein som sakte men sikker øydelegg han over tid. Sjørøvaren syng etter kvart på det siste verset, og runesteinen blir overført til kommandanten din. Etter eit sjørøvarangrep på heimbyen din, dør kommandanten under mystiske omstendigheiter som involverar runesteinen, og du blir beskulda for å stå bak.

Aleine på havet Her byrjar eventyret for alvor. Du blir sendt ut på ein båt utan noko som helst form for proviant og utstyr, og blir bannlyst frå Gaien. Du er heldigvis ikkje aleine, tre vener har bestemt seg for å snike seg om bord i jolla som frå no av er ditt liv, og set ut på eit eventyr som inneheld ei av dei mest dramatiske og best fortalte historiene i eit eventyrspel i nyare tid. Først og fremst er det veldig solide prestasjonar av skodespelarane som ber historia fram. Du trur faktisk på karakterane, i motsetning til ein del andre spel der persongalleriet kan framstå som papirdukker frå barne-TV. Konami har også greidd å få fram gode holdningar og uttrykk innanfor dei begrensningane grafikkmotoren til Suikoden IV byr på. Dei har gjort ein god jobb ut av det vesle dei tilsynelatande har.

Dessverre er det ei hake ved alt dette. Karakteren din blir, kanskje som eit resultat av at du kan gi han namn sjølv, aldri tiltalt direkte, han snakkar aldri, og du føler deg nesten som den minst interessant karakteren i heile historia. Kven er du? Kva vil? Og kvifor ser du alltid så sur ut? Som eg nemnte tidlegare har grafikkmotoren sine begrensningar, og desse er tydelege på ansiktsuttrykka til folk. Det er ikkje så mange forskjellige ansiktsuttrykk, og det verste er karakteren din, som alltid ser pottesur ut, uansett kva situasjon han er i. Sidan han absolutt aldri ytrar eit ord (bortsett frå når det er eit val du må ta, noko som skjer kun i tekstform), identifiserar du deg ikkje med han på nokon måte, og som eit resultat av dette fell historia på mange punkt dessverre saman.

Alt for mange irritasjonsmoment Dessverre er det veldig få ting med Suikoden IV som ikkje på ein eller anna måte presterar å irritere. Spelet prøvar ikkje ein gong å tenke sjølv. Det er som eit plagiat av alle japanske rollespel opp gjennom tidene. Du har eit kampsystem frå forrige århundre, og lastetidene er frå forrige generasjon. Sett saman dei to siste faktorane og du har eit problem. Det er sjølvsagt turbaserte kampar på tilfeldige tidspunkt, noko eg absolutt ikkje har noko i mot, men det blir ikkje så moro når dei er så lite involverande som dei er her. Når dei i tillegg dukkar opp i eit imponerande tempo blir det etter kvart ganske irriterande. Det tar frykteleg lang tid å kome inn i ein kamp, men kampane er over på under eit halvt minutt. Det følest etter kvart som om du brukar mei tid på å vente, enn å delta.

Alle kampsystem bør ha spesielle kvalitetar, men her er det eigentleg kun korleis magisystemet er utforma. I staden for å ha magi, brukar du runer, og du kan velje sjølv kva rune ein karakter skal ha. Etter kvart som du går opp i erfaringsnivå, aukar du antalet gongar du kan bruke runene. Dette er kanskje den største svakheita til Suikoden IV sitt kampsystem. I staden for å gjere det enkelt og greit med mana, kan du her bruke forskjellige former for runemagi kun eit gitt antall gongar per nivå. Til dømes kan du kanskje bruke den svakaste forma for magi seks av seks gongar, og sterkare former ferre gongar. Brukar du svak magi, har du kun fem tilbake. Det endar opp med at du føler deg hemma i forhold til å bruke magi, og lar heller vere å bruke den i tilfelle du skulle møte på noko der du treng den.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden