Anmeldelse

Suikoden Tactics

Visse spel fortener ikkje ein oppfølgjar, men det gjer eigentleg ingenting når spel nummer to er betre enn det første.

Prisen for årets mest banale og intetsigande plott går til: Suikoden Tactics. Etter at trampeklappinga har roa seg ned, og publikum har funne tilbake til sine plassar, er det berre å nyte synet av forfattaren av dette spelet. Der står han, i all si prakt, og smiler stort. "Takk, tusen hjarteleg takk, dette er ei stor ære", seier han kanskje, men for å hoppe vidare til ramme alvor, ros er ikkje på sin plass. Makan til forutsigbart og nesten latterframkallande plott skal ein leite svært lenge etter. Det er nesten komisk i si barnlege framstilling av ei middelalderverd krydra med fantastidyr og magi. Ja, kanskje dette enkelt og greit er Barne-TV for dei som er litt lei av TV.

Suikoden Tactics er som namnet tilseier eit taktisk rollespel. Det slektar mykje på spel som Final Fantasy Tactics og Fire Emblem, og dette er på ingen måte noko negativt, sjølv om det aldri overgår desse spela. Suikoden Tactics er eit underhaldande spel med ein lett tone som aldri blir for tungt eller tregt, og det er plassert i same univers som fjorårets Suikoden IV. Har du spelt dette, vil du kjenne igjen mange område og personar. Du får eigentleg alt servert umiddelbart. Enkle sekvensar demonstrerar korleis spelet fungerar, og korleis du skal gå fram for å overleve. Etter dette er det berre å hive seg ut i det på eiga hand, og du skal ikkje sjå bort frå at timane blir korte undervegs.

Tradisjonell taktikk

Heile spelet foregår enten på rutenett, eller i menyar. Kvar gong du er i ein by, eller vil oppgradere medlemma i gruppa di, gjer du dette frå menyar, og det same når du skal handle etter utstyr. Kjøtet i denne puddingen ligg uansett i kampane. All historieforteljing blir gjort automatisk, og du brukar aldri spesielt mykje tid på noko som helst utanom å følge med på den litt for forutsigbare historia, og slå i hjel ein haug med udyr. For alle som har spelt eit taktisk rollespel frå Japan, vil alt umiddelbart være velkjent. Du kjem først til ein meny der du kan setje ut tropper, og justere på litt anna krimskrams, før du vel å starte kampen. Generelt sett startar du i ein ende av kartet, medan fienden startar i den andre. Objektiva for ein kamp er stort sett å bekjempe motstandaren, men du må til tider også sørge for at visse personar haldast i live.

Kampane er rett fram, og overlet lite til fantasien. Når du er innanfor rekkevidde for ein fiende, er det berre å slå til. For dei som trivst best med nærkamp, vil du ha valet om å angripe framfor, ved sida, eller bak deg. Om det er nokon med magi eller bogar, kan desse skyte diagonalt, eller lengre fram, men ikkje dei som er rett ved. I essensen er dette alt ein treng å vite for å kome i gong, sjølv om det er fleire detaljar til spelet enn som så. Noko ein kjapt vil legge merke til (for å sitere Pumbaa) er lysande ballar av gass som svevar rundt på kartet. Desse etterlet seg ei stripe i same farge som gasskula. Akkurat dette er eit veldig viktig element ved spelet som det er livsviktig å bite seg merke i. Kvar individuelle skapning har eit element. Om dette elementet er ild, er han også svak momt vatn. Om kula av gass eigentleg er av vatn, kan du med andre ord stå ovanfor eit dilemma.

Desse kulene kan øydeleggast, men kan også brukast til din fordel. Om til dømes ein karakter i gruppa di har vatn som sitt element, vil denne bli sterkare ved å stå på dei blå felta. Han vil tåle meir, gi meir skade, og regenerere helsepoeng etter endt tur. For å vidareføre element-delen av spelet enda vidare, kan du feste runer på kvar karakter. Runer er ein slags form for våpen som gir karakterane nokre få ekstra ferdigheiter. Ein rune kan til dømes ha elementet vatn, og den vil då gjerne ha eit vannbasert angrep. Samtidig vil du kunne legge ut felt på kartet (forma som eit kryss) i dette elementet. Dette er igjen noko du kontinuerleg vil bruke for å overleve. Fiendane kan være sterke, og mange, så ved å stille seg på riktig element, er sjansane dine brått mykje høgre.

Sjølv om du kan utruste gruppa di med runer, er ikkje det nødvendigvis nok. Du kan ikkje legge ut eit ubegrensa antal med felt med runene, og i staden vil du finne gjenstandar som gjer akkurat same nytte. Ved å fylle opp inventaret med forskjellige element, stiller du kjapt sterkare i kamp, sidan det kan bli nyttig å bruke element som ikkje samsvarar med karakteren din. Til dømes kan du legge ut eit område rundt deg i fienden sitt negative element. Når fienden nærmar seg, vil du ha overtaket. På akkurat same måte som når ein karakter står på elementet sitt, fungerar det omvendt på negativt element. Du blir svakare, og mistar helsepoeng.

Gode vener Sjølv om dei forskjellige elementa kan bli ein viktig del av dei fleste kampane, er det heldigvis meir til spelet enn dette. I ein kamp kan karakterane dine nokre gongar snakke saman om dei står inntil kvarandre. Ved å gjere dette vil du kunne utvikle venskapet deira, noko som kan bli veldig nyttig. Til dømes vil dei av og til beskytte kvarandre i kamp, noko som meir enn ein gong kan redde deg frå døden. Ein anna viktig funksjon med snakking, er at du kan lære komboangrep. Når to eller fleire karakterar har lært eit komboangrep saman, kan du utløyse det ved å stille dei i riktig mønster, før du fyrer av eit angrep som drep det meste innanfor rekkevidde. Ved sidan av spesialangrepa som runene kan gi deg, er dette noko av det som tilfredstiller mest i heile spelet.

Så langt har Suikoden Tactics det meste gåande for seg, men etter ei stund dabbar det litt av. Det er god underhaldning heile vegen, men du møter aldri den heilt store utfordringa. Det hender at du må starte eit brett på ny, men det er sjeldan, og ved å gå fram på riktig måte bør du sjeldan ha noko problem med å overleve. Fornuftig bruk av element, og med litt helseprodukt i ryggsekken kan du overleve alt Suikoden Tactics slenger mot deg. Det er også ein anna ting som av og til kan bli ei sann plage. Visse modellar er ganske like, og av og til er det lett å sjå feil på ein i gruppa di, og ein fiende. Er du litt borte i brøkdelen av eit sekund, kan du raskt ha forårsaka døden til ein lagkamerat, noko som ikkje er heilt bra.

Uinspirert framføring Det er ein del historieforteljing i spelet, og dårleg blir kanskje feil ord. Det heller meir i retning av noko som er vekselsvis trist og lattervekkande. Historia er så banal og uinspirert at ja, kanskje dårleg likevel er ordet. Karakterar dukkar opp og forsvinn før du rekk å få eit forhold til dei, og av og til gjer dei tilsynelatande intelligente personane så idiotiske ting at du berre ristar på hovudet i vantro. Ikkje ein gong i eit fantasy-spel burde folk være så dumme som dei kan finne på å være her.

Skodespelet på si side er akseptabelt, men ganske typisk for japanske spel utan det aller største budsjettet. Det er velkjende stemmer du garantert har høyrt mange gongar før, både i spel og i teiknefilmar, og ein høyrer lett at dei er valt fordi dei er billige i drift. Musikken er ganske mange hakk betre, og set ei veldig god stemning som kler områda du besøker veldig bra. Om du spelte Suikoden IV, er musikken i Suikoden Tactics veldig mykje det same, noko som ikkje er så rart sidan begge spele forgår i same verd.

Visuelt sett er Suikoden Tactics ei ganske blanda affære. Visse av område du besøker ser veldig bra ut, og her og der kan ein nesten stusse på om det er prerendrert. Det er riktignok før ein kjem nær nok til å sjå detaljane godt nok, men like fullt, det ser tidvis veldig bra ut. Som ein skarp kontrast til dette står karaktermodellane. Dei er praktisk talt konstruert av firkantar, og med litt enkel cell-shading ser dei ikkje heilt bra ut. Modellane liknar sjeldan på portrettbilda sine, noko som her og der kan få deg til å stusse på kven det er som fører ordet. Bortsett frå dette er karakterdesignen veldig god, og fine portrettbilder gjer historiesekvensane underhaldande å følge med på (sjølv om det er så banalt som du får det). I tillegg er menyane fine og oversiktlege, og du går deg aldri vill i statistikk og informasjon du kanskje ikkje var på jakt etter i utgangspunktet.

Konklusjon Først og fremst er Suikoden Tactics eit mykje betre spel enn sin spirituelle forgjengar; Suikoden IV. Det er eit lettfatteleg og underhaldande spel som byr på den type moro som ikkje krev for mykje av deg, men likevel får timane til å gå raskare enn du hadde reikna med. Det er lett å plukke opp og legge frå seg når du vil, og om du kun vil spele ei lita stund, er det absolutt ingenting som tilseier at du ikkje kan det. Med fargerike karakterar, og eit solid kampsystem som sjølv om det kanskje kunne ha vore litt meir nyansert, er det absolutt underhaldande. Om du er på jakt etter litt enkel underhaldning som ikkje krev for mykje av deg, er Suikoden Tactics eit ypperleg alternativ.

Siste fra forsiden