Super Marios soppmakker er klar for eventyr

Captain Toad: Treasure Tracker byr på sjarmfull skattejakt på nyåret.

I nesten ein mannsalder har Super Mario, med god konkurranse frå Link, vore Nintendos mest kjende helt. Han har likevel ikkje alltid vore aleine på eventyra sine, og ein av hans trufaste medhjelparar har vore soppen Toad. No får Toad omsider sitt eige spel i Captain Toad's Treasure Tracker. I dette spelet skal du i rolla som Toad få tak i ei stjerne, redde veninna Toadette slik at du kan spele som ho, samt overvinne den slemme fuglen Wingo.

Mange hadde kanskje håpa å få kloa i spelet før juleferien, men fullt så heldige blir vi ikkje. I dag har Nintendo sendt ut ei pressemelding der dei fortel at spelet først vil bli tilgjengeleg 9. januar.

Ingen superhelt

Nintendo viser nok ein gong at dei kan å lage pene spel.

I motsetning til dei fleste heltar i spel både frå Nintendo og andre spelstudio, har ikkje Toad superkrefter. Han kan verken hoppe eller ta opp kampen mot fiendar med stort hell. I staden blir oppgåva til spelaren i all hovudsak å finne vegen ut av ulike område, og løyse dei ulike oppgåvene vi møter der.

Captain Toad's Treasure Tracker blei utvikla etter at spelarane ville ha meir Toad etter å ha fått spele som han i det glimrande Super Mario 3D World. Det spelet fekk heile ni poeng hos oss, og svært gode skussmål:

«Å spele Super Mario 3D World er som å få eit lynkurs i alt det gode frå tidlegare spel i serien. Spesielt hardbarka Mario-nostalgikarar vil finne små referansar og vink til sjølv dei mest obskure ting i det aller meste spelet har å by på. Spelet har ein klar sans for sin eigen historiske bagasje, men er likevel modernisert nok til å rage høgt over mange av sine konkurrentar.»

Captain Toad's Treasure Tracker er ikkje det einaste Nintendo-spelet vi kan sjå fram til i nær framtid. I desember dukkar Super Smash Bros. opp på Wii U, og neste år får vi igjen møte Yoshi i Yoshi's Wooly World. Seinare neste år er det òg tid for eit nytt spel i Zelda-serien.

Siste fra forsiden