Super Smash Bros. for Wii U har fått dato

Solide salstal for 3DS-versjonen lovar godt før storebror lanserast på Wii U.

Det er berre nokre få dagar sidan Super Smash Bros. blei lansert på 3DS her til lands, men det er nok til at Nintendo har sendt ut ei pressemelding for å skryte over å ha selt 2,8 millionar kopiar så langt. Desse tala gjeld derimot ikkje berre for Europa, men òg for Nord-Amerka, der spelet blei lansert 4. oktober, samt Japan der spelet blei lansert 14. september. Kor mange kopiar Nintendo har selt i kvart territorium har ikkje Nintendo gått i detalj på.

Enda viktigare er det at Nintendo i dagens pressemelding har avslørt at Super Smash Bros. blir lansert på Wii U 5. desember. Ei veke før vil Nintendo lansere første runde med Amiibo-figurar. Desse figurane vil fungere på liknande måtar som Activisions Skylanders-figurar, og Disneys Disney Infinity-figurar.

Det blir kaos i regi av Nintendo i byrjinga av desember.

Ved å bruke NFC-punktet på Wii U-kontrollaren kan du hente figurane dine inn i Super Smash Bros., og diverse andre spel som Mario Kart 8 og komande spel som Captain Toad: Treasure Tracker og Yoshi's Wooly World. På denne måten vil du kunne byggje opp figurane dine, og ta dei med deg når du skal på besøk til vener. Ei ny runde figurar vil bli lansert 19. desember, og enda fleire på nyåret.

Solid slåssespel

Suksessen til Super Smash Bros. for 3DS er ikkje ufortent. Vi bryna oss nyleg på spelet, og meinte det er eit godt partyslåssespel du kan ta med deg på tur, sjølv om det ikkje er heilt utan problem:

«Spelflyten lev framleis i beste velgåande og med så mykje innhald stappa inn i ein liten kassett skal det godt gjerast å finne noko som ikkje underheld. Det er like moro som det alltid har vore å gi nokon skikkeleg tyn med Nintendo-figuren du elskar. Den vesle 3DS-skjermen gjer det diverre vanskeleg å sjå kva som skjer, spesielt når alle er samla på ein stad. Serien har alltid vore kaotisk, men mindre skjerm forverrar kaoset ytterlegare, og den tjukke streken rundt figurane hjelper ikkje.»

Om du likar partyslåssing med kjende og kjære figurar finnest det meir enn Nintendo-heltar å velje mellom. Sony gav oss ville kampar med Sony-heltar i PlayStation All-Stars Battle Royale, medan Capcom har levert fleire utgåver i sin Marvel vs. Capcom-serie.

Siste fra forsiden