Super Smash Bros.-regissøren sår tvil om framtida

Har vi sett enden på visa for Nintendo-slåssespela?

Nintendo

I slutten av november lanserte Nintendo endeleg Super Smash Bros. for Wii U. Det etterlengta slåssespelet med eit mylder av Nintendo-figurar er det største i serien så langt, og byr på heile 51 ulike Nintendo-figurar du kan ta med deg i kamp.

Serien har sidan starten blitt stadig større og meir omfattande med kvart nye spel. Arbeidet som må til for å skru saman desse spela er så krevjande at Super Smash Bros.-skapar Masahiro Sakurai er i tvil om han vil bli med vidare grunna det enorme presset utvikla av serien byr på. Det kjem fram i eit intervju med Game Informer, via CVG:

«Med både Melee og Brawl utvikla vi spela under tankesettet at der ikkje ville vere ein oppfølgjar, så eg kan ikkje garantere at eit nytt spel ikkje vil dukke opp. For min del trur eg derimot ikkje det blir fleire.»

Innhaldsrik oppleving

Smash Bros.-serien set kjende Nintendo-figurar opp mot kvarandre.

Smash Bors.-serien har ved kvart nye spel bygd inn stadig meir innhald. Nye karakterar å spele med, nye modusar, nivå og ting spelarane kan samle er berre noko av det serien byr på. I følgje Sakurai er omfanget til spela så stort at presset for å levere blir stadig større:

«Vi overskreid grensene våre for kva vi kunne inkludere i spela for lenge sidan, men eg er likevel sikker på at vi ville få klager om vi kutta ned i framtidige spel», fortel han, og held fram:

«Ved å heile tida strekke meg for å kunne by på desse fortrinna, har eg på sett og vis stramma løkka rundt min eigen hals for framtida.»

Om du skulle vere redd for kva som vil skje med Smash Bros.-serien utan Sakurai bak roret, er det likevel ikkje sikkert vi har grunn til å uroe oss. Sjefen sjølv har nemleg vanskar med å sjå føre seg at nokon kan gjere denne jobben skikkeleg utan at han er med på laget.

Sakurai er ikkje den einaste spelskaparen som har vurdert å trekke seg tilbake. Metal Gear Solid-skapar Hideo Kojima har opptil fleire gongar hevda han ikkje vil lage fleire spel i serien.

Om du lurer på kva vi meinte om det siste spelet i Smash Bros.-serien, bør du ta ein kikk på våre omtaler av Super Smash Bros. for 3DS og Super Smash Bros. for Wii U.

Siste fra forsiden